Hopp til innhold

Mann får millionerstatning etter grove overgrep i barndomen

Den vesle guten fortalde aldri om overgrepa før han blei vaksen. No er ein mann dømd til å betale fleire millionar i erstatning for tapt barndom og eit vaksenliv som psykisk invalid.

I ei lita bygd i Sogn og Fjordane var det eit nært tillitsforhold mellom den vaksne mannen og guten. Ingen tenkte då på at det kunne ligge noko meir bak. Først då guten var i tjueåra valde han å vere open, først for advokaten sin og seinare for familien.

Han fortalde om korleis han gjennom fleire år blei seksuelt misbrukt på det grovaste og korleis livet som ungdom blei vanskeleg, med rus og kriminalitet.

Saka blei meld til politiet og både i tingretten og lagmannsretten blei det ein knusande dom mot overgriparen. I haust blei mannen i 60-åra dømd til tre år i fengsel.

Blei skada for livet

No har Sogn og Fjordane tingrett behandla erstatningskravet frå offeret, og deira konklusjon er at mannen som blei dømd må betale 2,3 millionar i samla erstatning til guten han misbrukte.

I retten blei det lagt fram rapportar som tydeleg syner at dei psykiske helseplagene offeret har i dag, i stor grad handlar om overgrepa han blei utsett for. Ekspertane er ikkje i tvil om at det har gitt varige skadar.

– Dei traumatiske hendingane fornærma slit med, skjedde då han var frå fem til 10 år gamal, og har vore prega av stor grad av skuldkjensle, skam og at han i stor grad har skjult overgrepa. Det siste året har fornærma i aukande grad klart å setje ord på det han fortel å ha opplevd, skriv dei sakkunnige til retten.

Usikker framtid

Dei sterke og traumatiske minna om det han blei utsett for, gjer at offeret i dag er rekna som 30 prosent yrkesmessig invalid. Difor er ein stor del av erstatninga tapt arbeidsinntekt frå han var 19, og tapt inntekt for all framtid.

Erstatningsdommen er klar og tydeleg. Dei tre dommarane meiner det no kan vere eit håp om at offeret kan stable seg på beina igjen sidan alt har kome fram, men at det blir eit tøff utfordring i åra framover.

– Fornærma sin tillit og relasjon til menneske kring han er blitt vanskeleg og framtidsutsiktene til fornærma er usikre, skriv dei i den samrøystes dommen.

Begge partar har høve til å anke erstatningssummen vidare i rettssystemet.