Hopp til innhold

Fallulukke synte seg å vere illebefinnande

Politi og naudetatar rykte tysdag kveld ut til Naustdal etter melding om at ein mann hadde falle ned i ein silo.

Fallulukke i Naustdal synte seg å vere illebefinnande

TIL SJUKEHUS: Ein mann i 70-åra frå Naustdal vart tysdag kveld send til sjukehus etter å fått eit illefinnande.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det var i utgangspunktet meldt inn som ei fallulukke, men slik det ser ut no så ser det ikkje ut til å ha vore eit fall men eit medisinsk tilfelle, seier Kjell Bolsø som er innsatsleiar i politiet.

Då meldinga tikka inn klokka 20.33 rykte mannskap frå helse, politi og brann ut til staden. Ein frykta ei stund at mannen i 70-årar kunne ha fall sju til åtte meter ned i ein tom silo.

Kjell Bolsø

UNDERSØKER: Innsatsleiar Kjell Bolsø seier politiet undersøker saka.

Foto: Steinar Lote / NRK

Då redningsmannskapa kom til staden var mannen medviten og prata. Han er send til sentralsjukehuset i Førde.

– Kva skadar han eventuelt har veit ein ikkje sikkert før han er undersøkt av helse, men han var vaken og prata då han vart frakta til sjukehus. Det kan no sjå ut til at vedkommande kan ha fått eit illebefinnande i form av sjukdom, seier Bolsø

Politiet har gjort undesøkingar på staden og opprettar ei undersøkingssak.