NRK Meny
Normal

Mann fall i sjøen

Ein mann i 30-åra fall i sjøen ved Kolkaia i Florø fredag morgon. Naboar som høyrde rop om hjelp fekk han opp av den kalde sjøen.

Mannen var nedkjølt og måtte sendast til sjukehus for sjekk.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 06.20 langfredag morgon. Dei veit ikkje noko om bakgrunnen for at han fall i sjøen.

Naboane som høyrde ropa om hjelp kom til med trapp og redningsbøye, og fekk hjelpt den uheldige mannen oppatt på land.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.