Hopp til innhold

Erkjende seksuelle overgrep i første politiavhøyr

Det var ikkje berre biltur mannen i 20-åra fekk den mindreårige jenta med på. No må han bak lås og slå for seksuell omgang med den over ti år yngre jenta.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Ein mann frå Sogn og Fjordane er dømd til fengsel i seks månader for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen erkjende allereie i første politiavhøyr at dei to hadde hatt seksuell omgang.

I tillegg erkjende han at han også sende eitt bilete av seksuell karakter til jenta.

Møttest på fest

Det heile starta nokre år tilbake då dei to møttest tilfeldig på fest. Mannen skulle køyre jenta heim, og dei to heldt fram kontakten gjennom Facebook.

Etter eit par veker reiste dei to på biltur og hadde samleie. Ei tid seinare reiste dei på ny biltur, som igjen resulterte i seksuell omgang.

Mannen forklarte for Fjordane tingrett at han først etter den andre bilturen forstod kor gamal jenta var. Han meinte jenta stod fram som moden og han sa seg samd med retten i at han burde forsikra seg om alderen hennar.

Seks månader i fengsel

Sjølv om den seksuelle omgangen var frivillig, kom ikkje retten vekk ifrå at mannen utnytta jenta, og at det er den vaksne som har ansvaret. Samstundes såg retten formildande på at mannen frå første stund erkjende forholdet.

Mannen kan heller ikkje lastast for at det har gått nokre år før saka kom opp for domstolen.

Retten kom fram til at seks månader fengsel, der han slepp å sone to månadar om han held seg på rett side av lova dei neste to åra, var passande straff. Til frådrag kjem to dagar varetektsfengsling.

Han må også betale jenta 25.000 kroner i oppreisningserstatning, men han slepp å betale sakskostnader.