Politiet fekk melding om knivstikkinga i bustadhuset utanfor Sogndal sentrum ved 22-tida søndag kveld.
Politiet kom raskt fram til åstaden. Foto: Arve Uglum
- Kort tid etter var både politi og ambulanse på staden. Det vart utført førstehjelp på mannen som var stukken, men han døydde omlag klokka 22.40, seier politiadvokat Knut Broberg.
Kripos tilkalla
- Omstenda rundt det som har skjedd, og bakgrunnen for knivstikkinga er førebels ukjende for oss. Det er noko som den vidare etterforskinga må avdekke, seier Broberg.
- Åstaden er sikra, og vil bli gjennomgått så raskt som mogeleg, seier han.
Det lokale politiet har også bede Kripos om hjelp til dei tekniske undersøkingane.