Hopp til innhold

Jenta var allereie utsett for seksuelle overgrep – så heldt stefaren fram

Jenta var allereie fornærma i ei anna overgrepssak då eit nytt og langvarig overgrep starta. No er hennar tidlegare stefar dømd til fengsel i eitt år og åtte månader.

Gulating lagmannsrett

OVERGREPSSAK: Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane er dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for seksuelle overgrep mot si tidlegare stedotter.

Foto: Rune Victoria Engen / NRK

Mannen frå Sogn og Fjordane må også betale 100.000 kroner i erstatning til si tidlegare stedotter.

– Ved reaksjonsfastsetting blir det lagt til grunn at ein i saka står overfor vedvarande og alvorlege integritetskrenkingar av ein mindreårig som tiltalte hadde eit særskilt ansvar og omsorg for, skriv Gulating lagmannsrett.

Delvis medhald

Lagmannsretten handsama nyleg anken til mannen i 40-åra. Han vart dømd til fengsel i tre år og seks månader i tingretten, samt dømd til å betale jenta 175.000 kroner i erstatning.

Anken vart delvis teken til følgje. For lagmannsretten kunne ikkje finne det bevist at overgrepa starta før jenta var 14 år. Dei kunne heller ikkje finne det bevist at mannen tvang seg til overgrepa.

Var flink med borna

Lagmannsretten la til grunn at overgrepa starta like etter at jenta fylte 14 år. Stefaren viste då ei anna side enn den omsorgsfulle stefaren, som var flink til å følgje opp og ta steborna med på aktivitetar.

For jenta har det vore vanskeleg å skilje overgrepa frå kvarandre, og kunne såleis ikkje fastslå overgrepa i tal.

Lagmannsretten la til grunn at misbruket skjedde jamleg og at det skjedde i bustad, garasje og i køyretøy.

– Eit klart tillitsbrot

Siste overgrepet fann stad på ein campingplass i fylket.

– Ved tiltalte sin handlemåte, er fornærma fråteken ein grunnleggande tryggleik i eigen heim, skriv lagmannsretten og skildrar overgrepa som eit klart tillitsbrot.

Det vart spesielt sett alvorleg på at tiltalte misbrukte jenta parallelt med at jenta stod som fornærma i ei anna overgrepssak.

Har fått problem

Jenta har utvikla posttraumatisk stressliding, men retten meinte dette også kan skuldast forhold som den dømde ikkje har ansvar for. Dei landa difor på ei erstatning på 100.000 kroner.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel i to år og ni månader. Dette meinte retten var alt for streng, sett i høve til at han vart frifunnen for to av tiltalepostane.

Med omsyn til at det har teke lang tid å få opp saka, vart han dømd til fengsel i eitt år og åtte månader.