Hopp til innhold

Mann dømd 22 gonger for lovbrot

Ein mann i 40-åra har nyleg blitt dømd for 22. gong. No må han sone ni månader i fengsel.

Sunnfjordingen stod tiltalt for å ha stole ein sykkel, heleri av ein mobiltelefon og forsøk på å stele ei veske med bankkort og 17.000 kroner i kontantar. På liste over brotsverk stod også kjøp og bruk av narkotiske tablettar.

Mannen var tiltalt for å ha gjort hærverk på ein hurtigbåt. Det var putta tre-fire gaflar og ein kniv i eit vakuumtoalett og ein brannalarmsensor var fjerna.

Han tilstod narkotikabrotsverka og forsøket på tjuveri av veska. Resten nekta han for.

Frikjent for hærverk

Fjordane tingrett fann sunnfjordingen skuldig i alle tiltalepunkta utanom hærverket på båten. Retten seier at politiet ikkje sikra seg DNA-bevis på sensoren som blei funnen på toalettet og at dei ikkje hadde namn på vitne som hadde sett mannen komme ut. Difor let dei tvilen komme den tiltalte til gode.

Vinningskriminalitet

I utmålinga av straffa har retten lagt vekt på at det er snakk om vinningskriminalitet. Det er ikkje dei store verdiane det er snakk om, men retten legg i skjerpande retning vekt på det bryderiet og den ulempa tiltalte har påført dei fornærma.

Mannen er tidlegare dømd 21 gonger og i hovudsak har det vore vinningsbrotsverk og narkotikalovbrot. Siste av desse dommane var i september.

Fjordane tingrett meiner ni månader i fengsel er ei passande straff. Inkludert er den delen av førre dom som var på vilkår. Til frådrag kjem 29 dagar i varetekt.