Hopp til innhold

26-åring slo mann helselaus – forsvararen meiner han bør frifinnast

Svært alvorleg hjerneskade og varig nedsette evner resten av livet blei resultatet då ein mann blei slått rett i bakken etter ein julefest i Sunnfjord for to år sidan i dag.

Frode Sulland

HEVDAR NAUDVERJE: Advokat Frode Sulland meiner at 26-åringen handla i naudverje og at han burde blitt frikjent.

Foto: Helge Carlsen / NRK

27. desember 2015 blei ein skjebnesvanger dato for mannen som hadde vore på ein uteplass i Sunnfjord. Utanfor utestaden blei det krangling mellom han og ein annan mann som no er dømd til to års fengsel for det retten kallar eit hardt og målretta slag mot hovudet.

Dei tre dommarane er usamde i om slaget frå den 26 år gamle gjerningsmannen kom fordi han handla i naudverje. Men retten meiner uansett det er bevist at slaget førte til at offeret fekk livstrugande skadar som vil prege han resten av livet.

– Mannen burde blitt frifunnen, meiner forsvarar Frode Sulland.

Livsvarige skader etter slaget

I dommen frå Fjordane tingrett kjem det fram at offeret vil ha varige og betydelege livshemmingar når det gjeld motorikk, personlegheit, kjensler, syn, språk og ikkje minst sosiale evner.

– Han vil ikkje bli i stand til å utføre handlingar eller vedlikehald i heimen eller i fritida slik han gjorde før. Rolla som partnar og far er også varig endra. Han vil trenge hjelp til tilrettelegging av kvardagen, vil aldri kunne køyre bil og vil for alltid trenge eit visst tilsyn, skriv ein av legane til mannen i eit skriv til tingretten.

Strid om naudverje

Retten er samd i at det ikkje «var meininga» at domfelte skulle påføre offeret dei omfattande skadane. Men retten meiner også at 26-åringen burde skjønt at det harde slaget kunne ført til skader.

– Ved å tildele fornærma eit slikt slag burde tiltalte ha forstått at fornærma ville falle i bakken med den risiko for skade dette fører med seg.

Det store spørsmålet i Fjordane tingrett blei likevel om mannen som no er dømd kan ha handla i naudverje etter krangelen mellom dei to mennene. Dei to lekdommarane meiner at tiltalte heller burde ha trekt seg unna situasjonen og at noko slag slett ikkje var naudsynt.

Fagdommaren ville frikjenne

Fagdommaren meiner derimot at det er tvil rundt dette og han meiner at tiltalte kan ha oppfatta det slik at han ikkje hadde andre moglegheiter enn å slå for å komme seg unna situasjonen.

Den dømde sin forsvarar, Frode Sulland, seier til NRK at hans klient anka dommen på staden og at han framleis meiner at han skulle ha vore frikjent etter naudverjeparagrafen.

– Min klient er nøgd med at fagdommaren meinte at han skulle frifinnast på grunn av naudverje. Men han er forståeleg nok skuffa over at han blei dømd på grunn av lekdommarane sine stemmer, seier Sulland.

Det blir no opp til Gulating lagmannsrett om den valdsdømde mannen får saka si behandla på nytt.