Hopp til innhold

Ein person alvorleg skadd i husbrann

Ein mann i 60-åra er frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus med alvorleg skader etter å ha blitt henta ut frå ein einebustad i brann ved Myklemyr i Jostedalen.

Ein mann i 60-åra er frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader etter å ha blitt henta ut frå ein einebustad i brann

Haukeland univeritetssjukehus opplyser i kveld at den 62 år gamle mannen er alvorleg skadd.

Klokka 17.30 opplyste politiet at vedkommande er kritisk skadd og blir behandla på staden. Kort tid etter vart mannen i 60-åra send med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. Det skal ikkje vere fleire personar i huset, då personen skal bu åleine.

– Ingenting tyder på at det er fleire i huset, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord.

Ikkje lenger synlege flammar

Meldinga om brannen kom klokka 16.00. Huset var i ferd med å bli overtent då brannvesenet kom til staden like etter.

Alarmsentralen opplyser klokka 21.15 at det framleis er åtte brannmenn på staden.

– Dei har god kontroll på situasjonen. Dei driv med ettersløkking og sørgar for god kjøling, seier vaktleiar ved alarmsentralen, Frode Eide.

Alarmsentralen opplyste klokka 18.15 til NRK at det ikkje lenger var synlege flammar i huset, berre røyk, og at brannvesenet vil vere på staden utover kvelden for å drive ettersløkking.

Politiet har førebels ikkje seie noko om brannårsaka.

Totalskadd hus

NRK sin reporter på staden fortalte ved 17-tida at han framleis såg flammar i andre etasje i huset og at sløkkingsarbeidet gjekk føre seg. Taket på huset er delvis kollapsa og alle vindauga i huset er øydelagde.

Han fortel også at det var lang kø på vegen, og at ei køyrebane nett var opna.

Brann i Jostedalen

KRITISK SKADD: Ein mann er kritisk skadd etter at eit bustadhus ved Myklemyr i Jostedalen vart totalskadd i ein brann.

Foto: Halvor Farsund Storevik / NRK
jostedalen