Ein fredagskveld i oktober i fjor tok den tiltalte og ein kollega ein drosje til ein pub, medan fornærma måtte vente på ei ny drosje.
Nasebrot
Då fornærma og den dømde møttest utanfor puben, sa den fornærma klart i frå kva han tykte om dette, og sunnfjordingen reagerte med å skalle ned den fornærma, noko som resulterte i at den fornærma braut nasa.
Liten tvil
Trass i at den tiltalte og den fornærma hugsar lite av hendinga, då dei begge var godt rusa, fann retten liten tvil om skuldspørsmålet, og dømde sunnfjordingen til 45 dagar fengsel og til å betale 4000 kr i erstatning.
Sunnfjordingen har tidlegare vert dømd for promillekøyring.