I Sogn og Fjordane vil truleg rundt ein femdel av tannlegane gå av med pensjon i løpet av dei komande åra. No håpar Orten at fleire tannlegar vil stå lenger i arbeid.
- Tannlegane har særaldersgrenser, og kan gå av med pensjon i relativ tidleg alder, seier han.
Føler ansvar
Og Sverre Heggernes som har passert 60 år er av dei fylkestannlegen håpar kan halde fram lenger i yrket enn det han faktisk treng. Og det er tannlegen på Sande i Gaular ikkje avvisande til.
- Førebels er eg frisk og rask, så det har eg ingen planar om, seier han. Han føler eit visst ansvar for dei pasientane som han har følgt i 30-40 år.
Jobbar mot studentane
Men langt frå alle vil gjere som Heggernes. Problemet er også å få nye tannlegar til eit utkantfylke som Sogn og Fjordane. Difor jobbar fylkestannlegen også medvite mot tannlegestudentar som kjem frå fylket, for å få dei heimatt når dei er ferdig utdanna.