Hopp til innhold

Manipulerte fartsskrivaren

Ein yrkessjåfør frå Aust Europa har fått 15 000 kroner i bot og får ikkje køyre bil i Norge i seks månader. Under ein kontroll ved Håbakken i Lærdal i november avdekka Statens vegvesen at mannen brukte magnet for å skjule at han køyrde frå Trelleborg i Sverige mot Svinesund. I staden såg det ut til at bilen hadde stått i ro. Mannen har godteke bota.