Hopp til innhold

På tiggarferd for pengar til Subsea-utdanning

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes leitar med lys og lykter etter friske pengar til Subseautdanninga i Florø. Ho må finne 2,5 millionar kroner.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

HØGSKULEN I BERGEN: Kjelsnes opnar for å bruke midlar frå Gjøa-avtalen til Subsea-studiet i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Ho har vore på tiggarferd til Statoil for å be selskapet om pengar.

– Dei opnar for å bruke pengar frå Gjøa-avtalen, og eg har stilt meg positiv til det. Men eg påpeikar at ein gjerne såg at Statoil gjerne kunne gå inn med friske midlar, seier Kjelsnes.

Høgskulen i Bergen

Fylkesordføraren ber Statoil om pengar til Subsea-utdanninga i Flora. Bakgrunnen er at Høgskulen i Bergen stiller krav om støtte på 2,5 millionar kroner for 3. kull. Skulen manglar fullfinansiering av 10 plassar.

Statoil er positive til å støtte utdanninga gjennom Gjøa-avtalen, der det vert opna for å bruke pengar til slik utdanning.

Men i eit brev til Statoil ber fylkesordføraren Statoil om å finne "friske" midlar til utdanninga, slik dei gjer med ei Subsea-utdanning i Kristiansund.

– Tøffe tider

– Det er tøffe tider i petroleumsbransjen. Men det er viktig å sjå lenger fram og legge til rette for rekruttering. Denne bransjen kjem til å vere viktig for Sogn og Fjordane og for Norge i fleire tiår framover og då er rekruttering viktig.

Kva om ein ikkje får pengar?

– Eg reknar med at når vi er positive til å bruke pengar frå Gjøa-avtale, så stiller Statoil opp. Noko anna ville forundre meg stort.

Kjelsnes reknar med å få ei avtale med Statoill på plass og håpar på sikt at det vil komme på plass ei offentleg finansieringa av studiet til neste opptak.