Hopp til innhold

Manglar pengar til medisinsk utstyr

Helse Førde treng mellom 70 og 100 millionar kroner til vedlikehald og fornying av medisinsk-teknisk utstsyr. På budsjettet står berre 20 millionar.

Helse Førde treng kring 50 millionar kroner kvart år til fornying og vedlikehald av medisinsk-teknisk utstyr.

Då snakkar vi om ulike typar røntgenutstyr, laboratorieutstyr, utstyr som blant anna blir brukt til anestisi og operasjonar. Men pengesekken for vedlikehald og fornying har vore slunken siste åra, og utstyret må difor slite lenger enn det som var meininga.

- Ikkje farleg

- Betyr ikkje det at pasientar ikkje får behandling med det beste utstyet?

- Det tilbodet vi gjev til pasientane i dag er fullt ut forsvarleg. Det er ikkje farleg for pasientane at dette utstyret vert brukt. Det er godt vedlikehalde. Med ein gang det er noko gale med utstyret vert det reparert, seier direktør Bjørn Morten Øen.

Han understrekar også at dei 20 millionane som blir løyvd går til det mest naudsynte.

- Summen vert brukt til å fornye det utstyret som er eldst og dårlegast.

Ventar meir pengar

- Men kor lenge kan sjukehusa leve med ein situasjon der pengane til utstyr ikkje er i nærleiken av behovet?

- Vi får håpe investeringsramma vil auke. No er det mogeleg at vi får meir pengar til investeringar dei neste åra og at vi dermed får gjort dei investeringane som er mest naudsynte, seier Øen.