Fortidsminneforeininga manglar 2,5 millionar kroner for å nå målet om å ha senteret ferdig til sommaren 2005. Det likar generalsekretær i Fortidsminneforeininga, Kristen Grieg Bjerke, dårleg. - Vi er veldig skuffa.
Skal avlaste slitasje
Turistane strøymer til Borgund stavkyrkje. Slitasjen er stor i det over 800 år gamle gudshuset. Fortidsminneforeininga, som eig Borgund stavkyrkje, arbeider med eit besøkssenter som skal avlasta turistslitasjen.
Men i forslaget til statsbudsjett for 2004 sette regjeringa av berre to millionar til bygging av besøkssenteret. Fortidsminneforeininga har sett sin lit til Arbeidarpartiet, men budsjettforliket mellom Ap og regjeringspartia gir ikkje meir pengar til senteret. Generalsekretær Kristen Grieg Bjerke seier dette er 2,5 millionar kroner for lite viss dei skal nå målet om å ha senteret ferdig til sommaren 2005.
Vart lova åtte millionar
No fryktar generalsekretæren at heile byggjeprosjektet blir forseinka. - Som frivillig organisasjon må vi vite at desse pengane kjem. Elles kan vi ikkje ta på oss plikta med å setje i gang eit prosjekt utan å ha fullfinansiering, seier Bjerke
Fortidsminneforeininga vart lova totalt åtte millionar kroner til byggeprosjektet. Knappe to år før nybygget på Borgund skal stå ferdig, manglar Fortidsminneforeininga framleis fem millionar kroner.