NRK Meny
Normal

Kommunane manglar oversikt over gamle miljøsynder

Gløymte miljøgifter kan hamne i fjord og sjø grunna klimaendringar. – Det er eit kunnskapshol her som kan få store konsekvensar, seier klimaforskar.

Torunn Hønsi foran kommunekart over Stryn kommune

MÅ KARTLEGGE: Fleire kommunar er for dårlege til å kartlegge kvar det ligg kjelder til miljøgift, seier Torunn Hønsi, klimaforskar og toksikolog ved Vestlandsforsking.

Foto: Idun Husabø

– Viss ein ikkje veit kva som gøymer seg i grunnen kan ein få stygge overraskingar, seier klimaforskar og toksikolog, Torunn Hønsi. Ho har undersøkt korleis det står til med kartlegging av kjelder til miljøgifter i kommunar på Vestlandet. Resultata var ikkje oppløftande.

Stader der det kan ligge miljøgifter skal bli registrert i ein database for Grunnforureining, slik at ein klar over område der ein må gjere tiltak. Men ifølge Torunn Hønsi blir ikkje dette følgt opp.

– I kommunane me undersøkte var berre ein brøkdel av dei forureina stadene registrert. Likevel hadde lokalbefolkninga god kjennskap til kvar dei er.

Klimaendringar kan spreie gifta

Hønsi forklarar at dei fleste kommunar har mange kjelder til miljøgift. Det kan vera alt frå bilverkstader til planteskular. Her kan det vera giftrestar som kan hope seg opp i levande organismar.
Mange slike stader ligg frå gammalt av plassert i nærleiken av fjord eller sjø. Det kan bli skummelt med tanke på klimaendringane.

– Ved til dømes ekstrem nedbør kan forureina grunn rase ut i fjord eller sjø, slik at det kjem miljøgifter inn i økosystemet der. Miljøgifter blir ikkje brotne ned, men hamnar til slutt på toppen av næringskjeda. Dermed kan me få miljøgifter i oss gjennom fisken me et, seier Hønsi.

Skal ta grep

Ein av kommunane som deltok i undersøkinga var Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Før prosjektet hadde kommunen registrert fire kjelder til miljøgifter, medan dei i samarbeid med forskarane fann over tretti moglege giftkjelder.

Ifølge miljøvernleiar i kommunen, Odd Rønningen, har ikkje Stryn tidlegare hatt systematisk registrering av forureina grunn, men dei vil no forsøke å få betre kontroll.

– Det me må gjera er å finne ut kven som skal jobbe vidare med dette. Me må få ei oversikt slik at me ikkje spreier miljøgiftene rundt, seier Rønningen.

Alle kan gjere ei innsats

Klimaforskar Torunn Hønsi understrekar at sjølv om kommunane har ansvar for å registrere kvar miljøgiftene ligg, er det ofte grunneigarar sitt ansvar å rydde opp i forureininga.

– Prinsippet som rår i Norge er at den som forureinar betalar.

Hønsi legg til at det å kartfeste kvar giftkjelder ligg er noko alle kan hjelpe til med.

– Alle kan melde frå til databasane om giftkjelder dei meiner burde vore plassert på kartet. Her kan kvar og ein av oss gjere ei innsats.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.