Hopp til innhold

Manglar opplysningar om rekneskapen

Tall Ships Races-underskotet på 15 millionar kroner må forklarast betre. Kommunerevisoren har purra på fleire gongar.

Kveldssteming under Tall Ships Races i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Både kontrollutvalet i Vågsøy og kommunerevisoren i Nordfjord må ha fleire opplysningar om Tall Ships Races.

I dag kom det fram at det enno ikkje er lagt fram eit eige prosjektrekneskap for arrangementet ,snart eitt år etter skutefesten.

Kommunerevisor i Nordfjord Markvard Sunde seier han gjentekne gonger har purra på for å få fleire opplysningar av rådmann, utan å ha lukkast.

Manglar eigen prosjektrekneskap

Snart eitt år etter at Tall Ships Races gjekk av stabelen i Måløy, manglar det ein eigen prosjektrekneskap. Ein full økonomisk gjennomgang, for å finne ut kvifor segelskutefesten kunne gå 15,4 millionar kroner i minus, let seg difor ikkje gjere på dagens kommunestyremøte.

Sunde seier rådmannen lova å leggje fram ein fullstendig prosjektrekneskap i løpet av januar.

- Eg synst ikkje dette er godt nok forklar, seier Sunde. Heller ikkje kontrollutvalet synst det.

Vart lova fleire svar

- I samarbeid med kontrollutvalet jobba vi med dette i samarbeid med rådmannen i desember. Vi vart lova svar i januar, men det kom ikkje. Vi etterlyste det fleire gongar, seier Sunde.

- Så kom økonomirapporten i midten av mars. Då vart det påpeika at den gav for lite svar. Det står og i rapporten at det skal framleggast fleire detaljar, men det har vi ikkje motteke. Vi meiner det frameis manglar ein fullstendig prosjektrekenskap, seier Sunde.

- Kva synest du om at prosjektrapporten framleis manglar?

- Det er snart eit år sidan arrangementet. Rådmannen er nok av den formeining at det er framlagt, men vi har sagt at detmanglar ein del svar, og utifrå det som vart lova i økonomirapporten skulle det kome fleire svar.

- Kva svar etterlyser du?

- Det er årsakene til underskotet det, svarar Sunde.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun ynskjer ikkje å kommentere saka. Men ordførar Roger B. Silden vedgår at det har vore rot i sysakene.

- Ifrå kommunen og administrasjonen si side vart det levert ein økonomirapport i mars. At det kan vere enkelte spørsmål til den, så forventar vi at dei blir stilt og då blir det gitt informasjon straks, seier Silden.