Sidan 1998 har havbruksnæringa her i fylket berre hatt 11 lærlingar, og no har dei ikkje ein einaste. Dette kjem av at Måløy vidaregåande har ikkje hatt elevar på VK1 akvakultur sidan 2002.
Harald Grotle, som er dagleg leiar for opplæringskontoret for fiskeri og havbruk, trur forklaringa kan vere at mange oppfattar framtidsutsiktene som usikre i denne næringa.