NRK Meny
Normal

Manglar lærebøker på nynorsk

Mange av dei nynorske lærebøkene for elevar i den vidaregåande skulen er enno ikkje på plass.

Forlaga har ikkje klart å oversetje frå bokmål innan skulestart. Rådgjevar og lærar Magne Aardal ved Hafstad vidaregåande skule er frustrert.

- Mangelen på bøker øydelegg skulestarten. Det vert ein veldig rotete start på skuleåret. Vi kjem ikkje skikkeleg i gang, meiner Aardal.

Turid Øygard i Økland Libris i Førde må kvar dag forklare kvifor dei nynorske lærebøkene ikkje er på plass. Nokre av bøkene vil ikkje kome på nynorsk før i desember. Øygard anbefaler aldri å kjøpe boka på bokmål, men ho forstår at mange vel å gjere det.

Må kopiere

Bøker i matematikk, norsk, naturfag og samfunnslære var ikkje klare til skulestart. Nokre har framleis ikkje kome, seier opplæringsleiar ved Hafstad, Reidun Buanes. Dette fører til at skulen må gje elevane kopiar av bøker.

- Det blir eit stort inngrep i budsjetta våre, seier ho.

Buanes har sendt e-post til Damm forlag, eitt av forlaga som ikkje har levert i tide og spurt om å få dekka kopi-kostnadene. Forlagssjef Hallstein Laupsa i Damm undervisning meiner det ikkje er hans ansvar.

Han forklarer forseinkinga på bøkene med at nokre fagplanar kom seint og at forlaget treng helst eit helt år frå fagplanen kjem til utgåva på nynorsk er klar.

- Ikkje eit problem

Direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet meiner det virkar som om forlaga har gjort ein god jobb, sjølv om alt ikkje som er klart til skulestart.

- Det er ikkje nokon katastrofe. Lærarane har bøker frå tidlegare, og om elevane må vente på nokre bøker så klarar dei det, seier han.

Men lova seier at nynorskbøkene skal vere klare samstundes som bokmålsbøkene. Sjølv om lova vert broten, meiner Skarheim det er skulane sjølv som må dekkje utgifter til kopiering.

Vil skåne mest mogeleg

Noregs Mållag, Forleggerforeningen og Utdanningsdirektoratet har blitt einige om kva som skal gjerast for å skåne nynorsk-elevane mest mogeleg. Dei første kapitla av bøkene vil bli lagde ut gratis på nettet og hos noen forlag vil det vere mogeleg å bytte inn bokmålsboka med ei på nynorsk når den blir ferdig. Lærar Magne Aardal tykkjer ikkje det er ei haldbar løysning.

- Det er heilt tydeleg at forlaga ikkje prioriterer nynorske lærebøker. Dette er altfor dårleg, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå