Elin Leegaard Christensen seier at mange kvinner i Leikanger er svært misnøgde med situasjonen. - Vi er utrygge, og føler at den omsorga vi treng når vi går gravide, er svekt. Viss kommunen er interessert i å halde fødselstala oppe, bør dei ha ei jordmor, seier ho.
Elin Leegaard Christensen og sju andre småbarnmødre eller gravide i Leikanger krev i eit ope brev til ordføraren at kommunen straks må oppfylle lova, og få tak i ny jordmor eller vikar for den langtidssjukmelde jordmora i kommunen.
Ikkje godt nok med lege
Dei er ikkje nøgd med at ein lege kan gjere same tenesta. Christensen seier det er ein grunn til at jordmødre har ein eigen utdanning. - Dei har ein eigen fagmessig bakgrunn og praksis som legane ikkje har. Ei jordmor arbeider med gravide og fødande kvar dag. Det gjer ikkje ein lege, seier ho.
- Kva med å bruke sjukehusa i Lærdal eller Førde ?
- Det er sjølvsagt eit alternativ, men det å kunne gå til ei fast jordmor har mykje å seie for tryggleiken til dei som er gravid.
Samarbeid på trappene
Ordførar i Leikanger, Olav Lunden, seier at dei alt har sett i gang eit jordmorvaktsamarbeid med Sogndal og Luster, men at tredjekvar veke fell utanom dette samarbeidet. Eit meir omfattande jordmorsamarbeid med desse to kommunane er også under førebuing, seier Lunden.