NRK Meny
Normal

Manglar inntekt for 96.000 ølboksar

Tall Ships Races manglar inntekter på drikkevarer og alkohol tilsvarande 1,5 millionar samanlikna med utsalspris på ein utestad.

Champagnen på Tall Ships Races blir spretta
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dette kan ein lese ut av arrangementet sin eigen alkoholrekneskap.

96.000 ølboksar

Skatteadvokat Gunnar Bøyum i selskapet PriceWaterhouseCoopers har gått gjennom alkoholrekneskapen for NRK, etter at kommunestyrerepresentanten Geir Oldeide bad om forklaring på at det mangla inntekter på alkoholsalet. Han har funne ut at det manglar inntekter på alkohol tilsvarande 96.000 ølboksar.

- Bruttofortenesta er veldig låg, så det må ha blitt gitt eller servert ganske mykje utan at det er teke betaling for det, seier Bøyum.

Samanhengande nedtur

Seglskutefestivalen Tall Ships Races i fjor sommar skulle bli det store løftet for Vågsøy kommune, eit arrangement som skulle skape optimisme og auka sjølvtillit i lokalsamfunnet. Men det stikk motsette har skjedd.

Sjølve arrangemenet var rett nok ein suksess, men alt etterpå har vorte ein samanhengande nedtur. Underskotet er no oppe i 15 millionar kroner, og heile tida kjem det nye pinlege avsløringar om kva pengane har vore brukte til.

Utsalsverdi 3,1 millionar

Øl til Tall Ships Races
Foto: NRK

Og no viser det seg pengesløsinga også omhandlar alkohol. Dersom dei 17.420 literane med øl, nærare 2000 liter med vin og 257 liter med brennevin, hadde vorte seld til ordinær pris for uteplassar, ville kommunen ha fått inn 3,1 millionar kroner.

I staden er den samla salssummen på berre 1,5 millionar. Bøyum trur den store inntektssvikten på alkoholsal har følgjande årsak

- Kanskje ein kombinasjon av at det har vore servert ganske mykje alkohol utan at deltakarane har betalt for det, saman med at det har vore ordinært sal.

- Sponsing er brot på reglementet

Rådmann i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, seier det er eit klart brot på reglementet dersom kommunen har stått bak sponsing av alkohol.

- I utgangspunktet skal det ikkje vere gitt ut gratis øl verken i telt eller på skipsparty. Det er i så fall brot på dei rutinane vi hadde for den delen av arrangementet. Ut frå tidlegare gjennomgangar er det ingenting som tyder på at det skulle vere noko avvik.

- Ny gjennomgang

Rådmann Ørjan Raknes Forthun
Foto: Håkon Eltvik / NRK

- Men vi tek desse spørsmåla på alvor, og vi vil sette i gang ein ny gjennomgang av alt som har med alkoholomsetnad på arrangementet å gjere. Vi hadde gode rutinar både på sal og lagerhandetering, så vil vil gå gjennom alle tal derifrå for å finne ut om det kan vere hald i dei påstandane som no kjem fram i media.

- Det kan vel ikkje vere tvil om at det må vere sponsa veldig mykje alkohol?

- Det vi må gå gjennom er om dei tala som desse reknestykka er laga ut frå er rette. Før den gjennomgangen er det ikkje rett å kommentere dette.

- Intern gjennomgang først

- Så du tvilar faktisk på din eigen alkoholrekneskap?

- Eg har ikkje lyst til å kommentere det meir. Når det blir sagt at det manglar 1,6 millionar i omsetnad så er det sjølvsagt alvorleg, og det vil eg ikkje ta lett på å kommentere, så vi vil ha ein grundig intern gjennomgang før vi kommenterer noko meir.

Captains Dinner

Eitt av dei store høgdepunkta under seglskutefestivalen var Captains Dinner på øya Selja. Kommunen har gått ut med informasjon om at den storslåtte festmiddagen til om lag 300 gjester kosta 740.000 kroner.

Men no viser det seg at utgiftene til alkohol ikkje er teke med i dei totale tala. Raknes Forthun har følgjande forklaring på dette:

- Til det arrangementet fekk vi sponsa både øl og vin frå frå leverandørane våre.

- Kva med brennevin?

- Det vart ikkje sponsa, men det var mindre mengder.

- Difor er det ikkje med i rekneskapen?

- Det kan vere at det er ført andre stader i rekneskapen, men stort sett var det sponsa øl og vin som vart brukt der ute.


-

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser