Hopp til innhold

Helse Førde manglar framleis geriatar - det uroar fagdirektøren

Talet på demente i Sogn og Fjordane vil auke veldig i åra framover. Men framleis manglar fylket ein lege som kan hjelpe denne pasientgruppa, det uroar Helse Førde.

Hans Johan Breidablik

UROA: Hans Johan Breidablik skulle helst sett at Helse Førde hadde fått på plass ein lege som hadde spesialisert seg i behandling av eldre.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Den varsla eldrebølgja vil føre til langt fleire demente landet over. Berre i Sogn og Fjordane er det venta at 3500 menneske vil lide av demens innan 2040.

Samtidig manglar helsetenesta spesialistar som kan hjelpe. Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde er uroa.

– Dette skapar store utfordringar, særleg fordi delen av eldre stiger veldig mykje i Sogn og Fjordane, seier han til NRK.no.

Har ikkje gitt opp

NRK har dei siste dagane sett fokus på kva hjelp og tilbod eldre med demens får frå helsevesenet og kommunane. Behovet vil berre auke i åra som kjem, for nordmenn lever stadig lenger og blir eldre og eldre.

I 2040 reknar ein med at det vil vere 11.000 menneske over 80 år – heile 3500 av desse vil ha ulike former for demens.

Sjukdomen utviklar seg gradvis og blant dei vanlegaste symptoma er at ein får problem med hugsen, sviktande taleemne og endringar i personlegdomen. Etter kvart kan det bli vanskeleg å utføre praktiske handlingar og delta sosialt.

Men i Helse Førde har ein ikkje greidd å få på plass fagfolk som har spesialkompetanse i å gi denne pasientgruppa betre hjelp og behandling.

Over heile landet er det stor behov for geriatarar, legar som har spesialisert seg i sjukdom blant eldre.

– Alle ville nok vore veldig glade om vi hadde fått ein spesialist i geriatri.

– Men fordi det er slik at alderssamansetnaden og slike lidingar er i vekst overalt, så er etterspurnaden etter slike fagfolk veldig stor. Det er vanskeleg å rekruttere, men det betyr på ingen måte at vi har gitt opp, seier Breidablik.

Vil ha fagmiljø

Torgeir Bruun Wyller

FAGMILJØ: Er viktig om ein skal greie få geriatere til å flytte på seg, meiner Torgeir Bruun Wyller.

Men fagfolk meiner også at helseføretaka sjølve har eit ansvar for situasjonen. Blant dei er Torgeir Bruun Wyller som er professor og overlege i geriatri ved Oslo Universitetssykehus.

Han seier det eigentleg er god rekruttering av fagfolk nasjonalt, men at spesialistar ikkje vil jobbe på stadar der det ikkje finst fagmiljø frå før.

– Dette avspeglar litt at det er vanskeleg etablere noko der det ikkje er noko frå før, og det avspeglar kanskje endå meir ei varierande interesse i leiinga i dei forskjellige delane av sjukehusvesenet for å satse på geriatri, seier Wyller.

Speglar situasjonen på heile Vestlandet

Han meiner situasjonen i Sogn og Fjordane avspeglar at fleire sjukehus på Vestlandet sviktar i å satse på eldremedisin.

– Haukeland sjukehus som er det leiande sjukehuset i Helse Vest, har ikkje noko geriatrisk miljø og utdannar ikkje ein einaste geriatar.

– Når det er vanskeleg å få geriatarar til dei mindre sjukehusa på Vestlandet er det rimeleg å sjå det i samanheng med dette, seier han.