Både skipsføraren sjølv og kollegane ombord på båten har i ettertid av promillemistanken mot han vart kjend, hevda at han ikkje hadde innteke alkohol medan han førte båten, og at dette skjedde først etter at dei var komen fram til Vik. At politiet heller ikkje har klart finne bevis for dette, gir ei ny vending i saka.
Men sjølve strafferamma er den same, nemleg fengsel i inntil eitt år, for både å føre skip med promille eller drikke alkohol i tenestetida. Onarheim seier han no vil sende saka tilbake til lensmannskontoret i Vik for å finne ut meir om omstenda kring det som skjedde.