Gloppen Høgre er eitt av lokallaga som har Hoddevik på si liste, men det er mest fordi det manglar gode alternativ, seier leiar Reidar Moldestad. - Vi har vore kritiske til ein del av den jobben Hoddevik har gjort, men vi kom til at då han ynskte å la seg renominere, så gjekk vi for han, seier Moldestad.
Ingen soleklare kandidatar
Og konklusjonen til Gloppen Høgre kan bli dominerande på nominasjonsmøtet i Høgre 30. oktober. Trass i at 13 av 20 lokallag ikkje hadde med namnet til Sverre Hoddevik, kan utsendingane kjenne seg tvinga til å sette han på topp. For det kryr ikkje akkurat av soleklare toppkandidatar elles.
Edith Aarebrot Madsen frå Flora er den kandidaten som flest lokallag har med, men det knyter seg eit stort aber til hennar kandidatur. Ho må konkurrere om Flora-røystene med Reidar Sandal og Heidi Grande Røys. Bjørn Lødemel seier han ikkje vil stille i kampvotering med Hoddevik om førsteplassen, Mathias Råheim har nok av røynsle og fartstid, men har ikkje den heilt store veljarappellen.
- Hoddevik for anonym
Mellom dei lokallaga som ikkje har Hoddevik med, er og store lag i Nordfjord som Vågsøy og Stryn. Og dersom dei står løpet heilt ut, kan Hoddevik få problem. Leiar Anne Margrete Tonning i Stryn meiner det er viktig med klar tale. - Vi føler Hoddevik har vore litt anonym, og det er snart på tide at vi i Indre Nordfjord og kjem litt sterkare med. Vi har gode lokale representantar som vi har lyst å fremje, seier ho.
Men det kan hende at Høgrefolk både i Stryn og andre stader må nøye seg med den kritikken dei no har gitt uttrykk for. Det kan ende med Hoddevik på topp uansett, slik Gloppen Høgre har konkludert, trass i at dei eigentleg er misnøgde.