Hopp til innhold

Manglar 7,5 mill. - ti prestar kan få sparken

Bjørgvin bispedømme styrer mot eit underskot på 7,5 millionar kroner. Biskop Halvor Nordhaug fryktar prestar må seiast opp for å få budsjettet i hop.

Biskop Halvor Nordhaug

TRIST: Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedømme tykkjer situasjonen er tung.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er ikkje noko vi mindre har lyst til enn å seie opp prestar i bispedømmet vårt. Men bispedømet vårt styrer mot eit underskot som er rekna til om lag 7,5 millionar kroner i år, seier biskop Halvor Nordhaug.

Ifølgje Vårt Land, som først skreiv om saka, skuldast dette den nye arbeidstidsavtalen, lønnsgliding, ansiennitetsopprykk med meir. Ifølgje avisa har stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit sendt ut ein e-post der han informerer om at han ikkje ser andre moglegheiter enn å be bispedømmerådet starte ein nedbemanningsprosess.

Vil merkast i distrikta

Biskopen er klar på at ein ikkje kan sitje stille og sjå på eit slikt underskot.

– Einaste moglegheita vi har for å komme ut av underskotet er å sjå på om det er mogleg å redusere i talet på stillingar. I praksis betyr det at prestar kan verte oppsagde, seier Nordhaug.

Han legg til at dei vil få moglegheit til å søkje på stillingar som er ledige.

– Å ta ned talet på stillingar i bispedømet ser ut til å vere ein svært realistisk og svært beklageleg moglegheit, seier Nordhaug.

Dette vil gjelde for både Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Det ser heller ikkje ut til at distrikta vert sparte her. Utfordringa vert å forsøke å leggje det til rette slik at smerta vert minst mogleg, seier Storhaug.

Klarar ikkje halde oppe talet på gudstenester

Bjørgvin bispedømmeråd skal ha eit møte 5. april og då vil dette vere ei viktig sak.

– Når møtet er ferdig vil vi kunne seie noko meir. Førebels kan vi ikkje seie anna enn at det kan komme reduksjonar viss det ikkje kjem auka statlege løyvingar for å dekkje opp dei auka lønsutgiftene vi har fått, seier Nordhaug.

Han fryktar for konsekvensane av å seie opp så mange som ti prestar.

– Vi klarar ikkje halde oppe det same talet på gudstenester. Dåp, konfirmasjonar, vigsler og gravferder vil vi gjere som vi alltid har gjort, men vi kan måtte redusere talet på gudstenester. Det vil også ramme distrikta, seier Nordhaug.

Kyrkjehistorikar Vidar Leif Haanes kallar krisemeldinga frå Bjørgvin historisk.

– Kyrkja har aldri måtte seie opp prestar før. Her synleggjer Den norske kyrkja at ein slit med ein anstrengt økonomi, seier Haanes til Vårt Land.