Hopp til innhold

Manglar 250 senger

Vil tilby deltakarar feltsenger i bygdehuset og overnatting i skip på fjorden.

Mange deltakarar på Skåla Opp

FULLBOOKA: Både deltakarlista og hotella er fullteikna, fire månader før motbakkeløpet.

Foto: Arne Vik / NRK

Arrangøren av Skåla Opp har gått tom for overnattingsplassar.

Det skriv avisa Firda i dag.

Trass i at motbakkeløpet går av stabelen i hotelbygda Loen, som har store hotell som Alexandra og Loenfjord, manglar arrangørane i dag 250 overnattingsplassar.

Skip frå Stavanger

- Det er mogleg å hente eit skip frå Stavanger som kan ta mellom 400 og 500 gjester, seier Erik Brendefur, leiar av hovudkomiteen for Skåla Opp.

Dette vil sjølvsagt koste pengar, og Brendefur seier at ikkje er spikra enno.

I tillegg til skip på fjorden må nokre av deltakarane bu seg på å sove på feltsenger i bygdehuset.

Initiativtakar Erik Brendefur

LEIAR: Erik Brendefur

Foto: Anne Rudsengen

- Der kan vi huse rundt 80 personar, seier Brendefur.

Totalt reknar dei med at arrangementet vil dra nær 1500 tilreisande til Loen.

Har måtte avvise sponsorar

Mangel på sengeplassar har ført til at arrangøren har måtte takke nei til grupper på over 60 personar som ønskte overnatting.

Også fleire sponsorar av motbakkeløpet har fått nei på spørsmål om hotellrom.

- Det er ein fortvilande situasjon, seier Brendefur til Firda.

I fjor var det 1730 deltakarar som gjekk til topps på Skåla, 1848 meter over havet.

I år går motbakkeløpet av stabelen for tiande gong, den 13 august.