Hopp til innhold

Brannsjefen i Aurland vil ha vegvesenet med på naudnettet

Då eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen, kunne ikkje brannvesenet kommunisere med vegtrafikksentralen direkte, meiner brannsjefen i Aurland.

Brann i vogntog i Gudvangatunnelen

TREDJE BRANNEN: Dei siste seks åra har Gudvangatunnelen på E16 blitt stengd i lengre periodar på grunn av brann. Seinast i april i år.

Foto: Voss brannvesen

30. april i år skjedde det utenkelege. For tredje gong på seks år blei det varsla om brann i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland.

Ei ung jente som køyrde ein følgjebil i tunnelen fekk varsla frå om det som skjedde og fekk nærast på mirakuløst vis ut mange av dei som var fanga av røykhavet. 32 personar blei evakuerte, fire blei sende til sjukehus med røykskadar.

Men no kjem den mangeårige brannsjefen i Aurland, Arvid Gilje med ein peikefingar. Han meiner at vegtrafikksentralen burde ha vore kopla opp på naudnettet.

– Dei har utstyret, men dei bruker det ikkje. Det er meininga at slikt skal brukast. Dei har klar instruks, seier Gilje til NRK.

Det blir avvist frå Statens vegvesen. Deira instruks er å varsle naudetatane sine sentralar, 110, 112 og 113. Denne instruksen er forankra i beredskapsplan for tunnelen, utarbeidd av Statens vegvesen og godkjent av Brann, Politi og AMK. Dei opprettar då ein konferanse med dei under ei hending.

– I region øst har dei eit prosjekt der vegtrafikksentralen kan koble seg på naudnettet dersom politiet ønskjer det, seier Marit Hove, faggruppeleiar i Statens vegvesen.

– Det hadde vore mykje lettare om vegtrafikksentralen hadde vore på nett i staden for å gå via 110 som fører til forseinkingar, meiner Gilje.

– Vi jobbar med å få med å få inn naudnett, men det er framleis eit arbeid som ventar der, seier Hove i vegvesenet.

Men også leiaren for Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, meiner det er uheldig at ikkje Vegtrafikksentralen på Vestlandet kommuniserer direkte med brannvesenet via naudnettet.

– Det som skjer når Vegtrafikksentralen på Vestlandet ikkje er med i det felles sambandet er at kommunikasjonen tek lenger tid. Ein kan gå glipp av informasjon og det er større fare for misforståingar, seier han.

Marit Hove i Statens vegvesen meiner det er viktig å peike på at samarbeidet mellom dei og naudetatane gjekk framifrå under denne hendinga.

– Det blei handtert på ein god måte av samtlege som var involvert og ingen liv gjekk tapt denne gongen heller, seier Hove.

Les også: Bilen var heilt ny – forstår ikkje kvifor han brann