Hopp til innhold

– Pinleg! Avlyser årsmøte. Rekneskapen er ikkje godkjent

Frp avlyser dagens årsmøte. Årsak: Eit papir som godkjenner rekneskapen mangla.

Frank Willy Djuvik

BLEMME: Frp Sogn og Fjordane har ikkje fått formalitetar på plass før årsmøtet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sjølvsagt er dette pinleg! Det seier ein morgontrøtt Frank Willy Djuvik som i staden for å vere på årsmøte har fått seg ei god natts søvn i staden.

Seint fredag kveld sende FrP Sogn og Fjordane ut ei pressemelding der dei avlyste årsmøtet etter ein formell feil.

Formell feil

– Den formelle feilen er at revisjonsberetningen for rekneskapen ikkje er ferdig, og kan difor ikkje leggast fram på møtet. Frp sine vedtekter er klare på at møtet ikkje kan gjennomførast før revisjonsberetning er ferdig og kan leggast fram på årsmøtet.

– Det hadde blitt meir pinleg viss vi hadde gjennomført møtet, og valt ny leiar på feil grunnlag, seier Djuvik.

Han seier partiet har skifta revisor for ei veke sidan. Dermed fekk partiet levert frå seg papira for seint til at revisor rakk å sette seg inn alt.

– Vi var i grunn ikkje heilt klar over at det var så strenge reglar, så vi trudde fylkesstyret kunne godkjenne revisjonen. Men det var ikkje anna utveg å avlyse møtet.

– Ærleg feil

– Dette er ein formell og ærleg feil som vi ryddar opp i, seier Djuvik.

Han understrekar at det var viktig å gjere val av ny leiar på rett grunnlag.

– Eg var veldig klar for å bli skifta ut, men i staden fekk eg tre veker lenger som leiar, humrar Djuvik som samstundes trur kollega Lars Svein Drabløs var like ivrig etter å overta.

Lars Svein Drabløs

VAR KLAR: Lars Svein Drabløs må sette seg i ventestolen. Årsmøtet må kallast inn på nytt før han blir ny leiar i FrP i Sogn og Fjordane.

Foto: Arild Nybø / NRK

Fylkesstyret i Frp vil avklare ny dato for nominasjons- og fylkesårsmøte rett over helga. Det vil truleg bli om tre veker.