Hopp til innhold

Mangla førarkort, men var rusa

Ein mann og ei kvinne i 30-åra er sikta for køyring i ruspåverka tilstand etter trafikkuhellet ved Djupevika i Fresvik i Vik i føremiddag. Ingen vart skadde i uhellet. Politiet har sikra seg blodprøve av begge to. Ingen av dei skal ha førarkort.