NRK Meny
Normal

Hadde ikkje førarkort – køyrde likevel

Mannen mista førarkortet for to år sidan, men såg ikkje ut til å bry seg med det då han i haust sette seg bak rattet for å skysse stedottera til barnehagen.

Fjordane tingrett

NEKTA SKULD: Mannen nekta sjølv for å ha køyrt bilen då han nyleg møtte i Fjordane tingrett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra måtte nyleg møte i Fjordane tingrett tiltalt for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort. Hendinga fann stad ein tidleg morgon i fjor haust.

På dette tidspunktet hadde mannen ikkje lov til å køyre bil, av den enkle grunn at han mista førarkortet for to år sidan.

Dette skjedde etter at han vart dømd for mellom anna promillekøyring, aktlaus køyring, seks tilfelle av høg fart og fem tilfelle av køyring utan gyldig førarkort.

Hadde mannen hatt sitt på det reine kunne han ha tatt ny førarprøve og fått tilbake førarkortet i fjor haust. Men allereie i fjor vår var han tilbake bak rattet, og etter dette fekk han sperrefrist på å ta lappen igjen, fram til utgangen av mars 2014.

Mannen sjølv nekta for at det var han som hadde køyrt bilen den aktuelle dagen i haust, men Fjordane tingrett trudde han ikkje. Dei viser mellom anna til eit vitne som såg mannen køyre.

Fjordane tingrett har etter ei samla vurdering dømd mannen til 18 dagar fengsel, med ei prøvetid på to år. I tillegg må han betale ei bot på 9600 kroner og sakskostnader på 3000 kroner.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser