Hopp til innhold

Mangla bremser på tre av seks hjul

– Dette køyretøyet var livsfarleg å møte i trafikken, seier Svein Ove Salt, som er inspektør i Statens vegvesen.

UTAN BREMSER: Vogntoget mangla bremser på tre av seks hjul på ein hengar, bremsearmane var knekt av og to av akslingane var heilt lause.

Torsdag kveld stogga Statens vegvesen vogntoget i ein kontroll i Førde.

– Køyretøyet mangla bremser på tre av hjula. Bremsearmane var knekte og hang ikkje lenger saman med akslingane, seier Salt.

I tillegg til dette vogntoget var fekk fire andre store køyretøy bruksforbod. Sjåføren for vogntoget med dei alvorlege bremsefeila blir no meld til politiet.

– Dette er svært alvorlege feil. I ein naudssituasjon så hadde ikkje dette køyretøyet klart å stogge, seier Salt.

Skremmande

Tidlegare denne månaden stogga kollegaene til Salt i Nordfjord eit vogntog der boltane som heldt den 20 tonn hengaren var heilt lause. Salt seier det er tre til fire år sidan sist dei har stogga eit vogntog som hadde så alvorlege feil som vogntoget dei stogga torsdag kveld.

– Eg vert skremd når eg ser slike ting, seier Salt.

Vogntoget sår no på verkstad, der det må reparerast skikkeleg før det kjem attende på vegen.

– Det er eit køyretøy som er svært farleg ute i trafikken, og trafikksikkerheitsmessig så har det ingen ting der å gjere.

– Med tanke på det som har avdekka her, er det trygt å køyre på vegane våre?

– Generelt så vil eg seie det er trygt å køyre på vegane våre. Tilstanden på køyretøya har blitt betre, både når det gjeld dekk og teknisk tilstand. Det syner også ulukkestala. Der vi har hatt ein fantastisk fin nedgang på ulukkestala. Så generelt sett så vil eg seie at trygt å køyre på vegane.