Hopp til innhold

Ville heller betale skatt til Jølster

I fjor stod Ivar Helgheim med 565 millionar som skattbar formue. Etter mange tiår i Oslo, flytta han heim til Jølster i fjor, for at jølstringane skal få nyte godt av skatten hans.

Ivar Helgheim 3

HEIMATT: Ivar Helgheim (73) gjorde eit medvite val då han pakka sakene og flytte heim til Jølster.

Foto: Stein Aase / NRK

Jølstringen Ivar Helgheim trona øvst på lista over dei 100 med høgast skattbar formue i Sogn og Fjordane. I fjor flytta han attende til heimkommunen, etter å ha budd mange, mange år i hovudstaden.

Og det var eit svært medvite val av 73-åringen, som er utdanna lege, og som etter kvart tok over heile eigarskapen av Dr. Fürst Medisinske Laboratorium i Oslo.

Er aktiv i fleire selskap

– Eg veit jo kor mykje skatt eg betalar, og difor ville eg flytte heim. Eg ville heller betale dei pengane til Jølster enn til Oslo. Eg ville heller at heimbygda mi, Jølster, skulle få pengane, seier Helgheim, som håpar dette kan vere ei god hjelp.

Jølstringen er aktiv i fleire investeringsselskap. Blant anna eig han selskapa Laho og Nipa. Gjennom sistnemnde er han også hovudaksjonær i eigedomsselskapet Røgden Eiendom. Samla sett hadde desse verksemdene i fjor eit resultat før skatt på 64,1 millionar kroner.

Forsvinn heilt i Oslo

Han er glad for at han no har komme heim til Jølster.

– Eg kjenner meg godt motteken, seier Helgheim.
Men han er klar på at det er store skilnader på å bu i Tigerstaden kontra vesle Jølster.

– Du er meir anonym i Oslo. Sjølv ei slik formue, forsvinn i den store massen i Oslo. Her borte, kjem du øvst på lista. Det er den store forskjellen, seier Helgheim.

73-åringen held framleis eit høgt tempo, og har ein finger med i det meste som skjer i bedriftene hans.

Pengane er i sirkulasjon

– Du må følgje med, det er veldig viktig. Men eg er klar over at det nærmar seg ein dag der tanken blir tyngre, seier Helgheim.

Han legg til at sjølv om formuen ser enorm ut på papiret, er det pengar som er i sirkulasjon.

– Mange av selskapa mine er investeringsselskap. Storparten av formuesummen er ikkje i mi lommebok, dei er investerte i norsk næringsliv, seier Helgheim, som tykkjer skattelistene kan vere interessant lesnad.

– Det er jo interessant å sjå kor godt du har lukkast, seier Helgheim, og legg til at skattelistene er eit barometer på det.

Takkar viljen til å skape

– Nokon meiner at éin mann ikkje skulle ha moglegheit til å leggje seg opp slike formuar. Andre meiner det er bra at vi har solide eigarar rundt om i bedriftene. Eg høyrer til den siste gruppa, seier Helgheim.

At han har lukkast så godt som han har gjort, takkar han viljen til å skape for.

– Eg meiner sjølv at eg har klart å få til noko, seier Helgheim.

I 2005 vart Helgheim hovudaksjonær i Skei Hotell, og han meiner det er viktig å kunne få bidra med både kunnskap og middel lokalt.

– Det er veldig viktig for meg å få bruke pengane mine lokalt, seier Helgheim, og presiserer at han ikkje trur han kjem til å forlate Skei Hotell med det første.

Brukar lite pengar på seg sjølv

– Eg har gått inn i Skei hotell, men eg er forsiktig. Eg kastar meg ikkje inn i ting eg ikkje anar konsekvensen av. På Skei hotell skal vi restaurere og byggje ut. Vi tek avdeling for avdeling. Til slutt kjem resultatet til å bli supert, seier Helgheim.


Det er reiselivet han ser som mest aktuelt å investere i.

– Den flotte naturen tilseier det. Det øvrige næringsliv har eg ikkje filosofert så mykje over. Eg trur det er for mange butikkar i Førde, seier Helgheim.

Han har i mange år halde ein låg medieprofil.

– Eg veit det er mange som meiner at det å tene meir pengar enn du har behov for til ditt daglege bruk, er ikkje så bra. Men eg vil presisere at eg brukar lite pengar på meg sjølv, seier Helgheim.

Han fortel at han prioriterer å byggje opp.

Ser seg ikkje som rik

– Pengane vi tener, går stort sett til å investere, seier Helgheim, som gjennom eitt av selskapa sine no er i gang med å byggje på ein etasje på eit bygg dei eig i Oslo, totalt 1500 kvadratmeter skal bygget aukast med.

Sjølv om formuen er på veg mot 570 millionar kroner, tenkjer ikkje Helgheim på seg sjølv som ein rik mann.

– Eg kjenner meg sjølv som ein nøktern mann, seier Helgheim.