Måløy Sildoljefabrikk har idag to fabrikkar i Vågsøy - ein på Trollebø og ein i Deknepollen. Totalt er det litt over femti arbeidsplassar på dei to fabrikkane. Ved ei nedlegging kan arbeidsplassar ryke eller i beste fall bli overførte til den andre fabrikken.
Tillitsvalde informerte
Det er Welcon ASA som eig fabrikkane, og konsernsjef Arne Stang vil ikkje kommentere opplysningane. Men etter det NRK erfarer har han informert dei tillitsvalde om at ein av fabrikkane kan bli lagt ned på eit styremøte 27. juni.
Fryktar kvoteregulering
Datoen er ikkje tilfeldig, for nokre dagar før blir det klart om fisket etter kolmule skal kvoteregulerast. Skjer det, blir det vanskelegare å få tak i den vesle torskefisken, som utgjer sytti prosent av råstoffet. Om fiskeristyresmaktene likevel lar vere å kvoteregulere kolmulefisket, kan det bety at begge fabrikkane får leve vidare.
Overkapasitet
Men tidlegare har konsernsjef Arne Stang uttalt at det er overkapasitet i sildoljeindustrien i Sør-Norge. Sjølv rår han over fire av sju fabrikkar mellom Sunnmøre og Rogaland.
Skrinla fôrfabrikk
For ikkje så lenge sidan skrinla Welcon planane om å bygge ein heilt ny fiskefôrfabrikk i Vågsøy, (sjå "Fôrfabrikk i stå ",) no blir det altså vurdert å avvikle ein av dei eldste arbeidsplassane i kommunen. Samt ein av dei fabrikkane som tar imot mest råstoff over Måløy hamn. I verste fall kan Måløy sin status som norges største fiskerihamn vere trua.