Hopp til innhold

Mangel på bindande avtalar med næringslivet stogga DAT i Florø

Den nye passasjeravgifta, nedgang i trafikken og lågare engasjement enn venta er bakgrunnen for at det danske flyselskapet ikkje vil starte opp i Florø.

DAT-fly på Florø Lufthamn

NEI: Det danske flyselskapet DAT meiner forholda ikkje ligg til rette for å starte opp flygingar frå Florø no.

Foto: NRK

Flyselskapet Danish Air Transport har tidlegare ytra ynskje om å kome tilbake til flyplassen i Florø, men i ei pressemelding skriv selskapet at no ikkje er den riktige tida.

– Vi ser markant nedgang i trafikken, og vi ynskjer ikkje å konkurrere om trafikk som er på veg ned. Og dessverre er det få av dei store selskapa i Florø som vil kome med konkret økonomisk oppbakking av ruta, seier administrerande direktør Jesper Rungholm.

Jesper Rungholm, Administrerende direktør i DAT

SEINARE: Administrerande direktør i DAT avviser ikkje at Florø kan bli ein aktuell flyplass for selskapet i framtida.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Selskapet grunngjev også avgjerda med at den nye flyplassavgifta som skal innførast. DAT har hatt tett dialog med næringslivet i Florø, og har fått støtte frå fleire, men få bindande avtalar om bruk. Dagleg leiar i Fram Flora, Lone Bareksten, har er skuffa over DAT si avgjerd, men meiner næringslivet har gjort sitt.

– Eg syns næringslivet har vore veldig flinke og på, og har jobba godt med dei små og mellomstore bedriftene. Klart vi ikkje har kome heilt i mål med dei store avtalane som vi håpte vi skulle få til. Det er eg litt skuffa over., seier dagleg leiar i Fram Flora, Lone Bareksten.

Kan bli aktuelt seinare

På oppdrag frå formannskapet har selskapet arbeidd med å få på plass fleire flyselskap ved flyplassen, etter at flyplassen vart kommersialisert frå 1. april.

– Det var DAT som peika seg ut som det selskapet som var mest interessant å gå vidare med, i tillegg til Widerøe. Ut ifrå det reisemønsteret og passasjergrunnlaget som er no, så ser vi at det ikkje er marknad for kommersialisering slik det ser ut i dag, seier Bareksten.

Eit godt rutetilbod og låge prisar var det ein håpte å få på plass med ein ny aktør. Samstundes held DAT framleis døra open for at dei kan starte opp flytilbod i Florø i framtida.

– Vi ynskjer å fly frå Florø, og vil sjå på moglegheitene om ei stund. Vi følgjer med på kva som skjer med oljen og oljenæringa. Eg trur også at marknaden om ei stund vil sjå at dei treng ein annan aktør på ruta, og då vere villige til å kome med meir konkret støtte, seier Rungholm.