Hopp til innhold

Mange vil ta vaksine for å førebygge livmorhalskreft

I haust får jenter mellom 20–25 år i heile landet ta vaksinen som skal førebygge livmorhalskreft gratis.

Christina Holberg Aasen m/venninner

INNANFOR: Venninnene til Cathrine Holberg Aasen fekk vaksinen når dei gjekk i 7. klasse. Sjølv får ho sjansen no.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

På Sogndal helsestasjon ligg vaksinane klare. Mange har teke kontakt allereie no for å bestille time.

– Vi opna for bestilling 1. oktober, og allereie har vi merka stor pågang, fortel helsesøster Laila Årøy ved helsestasjonen.

Frå i år av har regjeringa bestemt å betale for vaksinen mot HPV-viruset for alle jenter fødd mellom 1996 og 1991.

Laila Årøy helsesøster

HELSESØSTER: Laila Årøy har allereie fått mange timebestillingar frå jenter som vil ta vaksine mot HPV-viruset i haust.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

HPV-viruset er seksuelt overførbart. Nokon typar kan gi kjønnsvorter, medan andre er heilt ufarlege og gir ingen symptom.

Nokre typar av viruset kan også gi celleendringar som i verste fall kan føre til livmorhalskreft hos kvinner.

Det vil Folkehelseinstituttet førebygge med vaksinen.

​Vil fange opp dei som fall utanfor

Sidan 2009 har jenter fått tilbod om å ta vaksinen i 7. klasse. Det er fordi vaksinen er mest effektiv før seksuell debut, fortel Britt Wolden ved folkehelseinstituttet.

I år får årsklassane som var akkurat for gamle då vaksinen vart innført i barnevaksineprogrammet også tilbodet.

– Vaksinen kan også takast, og anbefalast etter seksuell debut. Den verkar ikkje om du allereie har ein pågåande infeksjon, men den vil forhindre infeksjon i framtida, seier Wolden.

– Vi håpar så mange som mogleg tek i mot dette tilbodet, og undersøker sin kommune sine nettsider korleis den enkelte kommunen vel å tilby vaksinasjon.

Manglar informasjon

– Eg veit ikkje så mykje om HPV eigentleg, eg, fortel Cathrine Holberg Aasen. Ho et lunsjen sin med nokre studievenninner på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Medan venninnene var ein del av det første kullet som fekk vaksinen i 2009, datt Aasen akkurat utanfor.

– Eg fekk høyre at vi har fått tilbodet om å ta vaksinen på skulen. Når vi kan få den gratis så synest eg det er eit konge tilbod, seier Aasen.

Cathrine Holberg Aasen

SPRØYTESKREKK: Cathrine Holberg Aasen er litt redd for sprøyter, men vil ta vaksinen likevel.

Foto: Sigrid Skjerdal

Sjølv fortel idrettsstudenten at ho ikkje visste at det var nokon samanheng mellom HPV og livmorhalskreft.

– Eg synest absolutt vi kunne fått litt meir informasjon om sjukdommane ein kan få av viruset. Når vi får tilbod om vaksine, så skulle vi fått litt meir informasjon også.

Ho tenkt å takke ja til tilbodet, trass i at ho har sprøyteskrekk.

– Eg og ho eg bur med skal bestille time snart. Det er lurt å gripe sjansen når vi får tilbod om å ta den gratis.

Toårsprosjekt

I to år skal helsesøster Laila Årøy og hennar kollegaer i heile landet vaksinere unge jenter.

Cathrine og andre som har litt sprøyteskrekk har ingenting å uroe seg for, fortel helsesøstera.

– Det skal gå veldig fint. Det er eit lite stikk, og går fort over.

Les kva vi har skrive om biverknadar tidlegare:

Brosjyrar

INFORMASJON: Helsesøstera anbefaler jenter å gå inn på Folkehelseinstituttet sine sider for å få informasjon om kva viruset er, og kva vaksinen førebygger.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK