Kvadratmeterpris: 42.000 kroner!

I dette bygget i Sogndal blei det nyleg seld ei leilegheit på 32 kvadrat til 42.000 kroner per rutemeter. Ein pris som slett ikkje er uvanleg lenger her i fylket.

Flåtengården Sogndal

DYRT I SENTRUM: Flåtengården ligg midt i Sogndal sentrum, med parken som næraste nabo. Nyleg blei ei 32 kvadrat stor leilegheit seld til 42.000 kroner per rutemeter.

Etterspurnaden etter små, lettstelte leilegheiter er større enn nokon gong i Sogn og Fjordane. Ein kvadratmeterpris på over 40.000 er ikkje lenger uvanleg, og fleire stader har ein nådd skyhøge 50.000 kroner per rutemeter.

– Det er stor etterspurnad etter små leilegheiter. Det er fleire og fleire som investerer når dei skal vere i Sogndal berre nokre få år, seier Jan Rune Årøy, eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Tysdag kom det fram i avisa Firda at ei leilegheit med buareal på 35 kvadrat var seld for 1,75 millionar kroner. Ein kvadratmeterpris på 50.200 kroner er truleg ny rekord i Førde.

– Eg trur ikkje vi har hatt kvadratmeterprisar på over 50.000 kroner i Førde før. Dette må vere rekord, seier takstmann Bjarte Roska til Firda.

50.000 kroner i Sogndal

Men også i Sogndal skal prisen ha nådd 50.000 kroner i einskilde nye bustadprosjekt. For brukte bustader i student- og saftbygda ligg det framleis litt lågare, men det blir dyrare og dyrare.

– Det er ei utvikling vi har sett dei siste åra. Det har mykje med leigemarknaden i Sogndal å gjere. Folk ser det som ein økonomisk fordel å kjøpe i staden for å leige. Folk vil ha det enkelt og greitt og gjerne ha ei lettstelt leilegheit framfor ein stor einebustad, seier Jan Rune Årøy til NRK.

Tun 11 i Førde

RASKT SAL: Tun 11 er eit bustadprosjekt under oppføring i Førde. Alle husværa blei raskt selde til ein kvadratpris på 42.000 kroner.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

– Svært lettselde husvære

Dagleg leiar for Sogn og Fjordane Eigedomsmekling sitt hovudkontor i Førde, Pål Anders Kårstad, slår fast at folk vil ha dei små leilegheitene som blir lagt ut for sal.

Nyleg selde dei det siste husværet i eit prosjekt med 14 leilegheiter på Viereina, rett ved sentralsjukehuset. Leilegheitene, som alle er mellom 40 og 60 kvadrat, gjekk for ein pris til 42.000 kroner per rutemeter.

– Dette prosjektet har gått heilt strålande, og var svært lettseld. Det er ingen tvil om at folk ønskjer å investere i mindre leilegheiter. Ikkje minst unge som klarer å finansiere dette sjølve, seier Kårstad.

– Etterspurnaden vil auke

Han peikar på at dersom unge skal etablere seg med bustader til større totalsum, til dømes over 2,4 – 2,5 millionar, så er dei avhengige av hjelp frå til dømes foreldre.

– Difor vil det bli ein stadig aukande etterspurnad etter dei små leilegheitene, også fordi det gjev skattemessige fordelar å investere framfor å leige, meiner Kårstad.