Mange vil bli rektor

17 personar, både frå Noreg og andre land, har søkt stillinga som rektor på United World College i Flekke, skriv Firda. – Det er mange spennande søkarar, seier styreleiar Kristin Vinje i UWC Red Cross Nordic. Ho håpar å få tilsett ny rektor før jul.

Høyres Kristin Vinje
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix