Hopp til innhold

Mange vil bli ambulansearbeidar

Det er hard kamp om å få utdanne seg til å bli ambulansearbeidar i Sogn og Fjordane.

Ambulanse

POPULÆR: 40 søkjarar vil gjerne gå på ambulansefagutdanninga i Sogn og Fjordane.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Til saman er det 40 søkjarar til dei seks plassane ved ambulansefaglinja ved Høyanger vidaregåande skule. Skulen er den einaste i Sogn og Fjordane som tilbyr ambulansefaget.

- Det er svært gledeleg at søkjartalet er så høgt, seier leiar for ambulansetenesta i Helse Førde, Stian Sægrov.

Strenge krav

Det har lenge synt seg at det har vore vanskeleg for helseføretaket å få tak i nok kvalifisert personell på ambulansane rundt om kring i fylket.

Frå nyttår kom det endå strengare krav til personalet i ambulansane. Helseføretaka må då ha på plass minst ein person som er utdanna som ambulansearbeidar til ei kvar tid. Om ikkje kan helseføretaka vente seg dagbøter.

- Dette er viktig for oss

Stian Sægrov

POSITIV: Stian Sægrov som er leiar for ambulansetenesta i Helse Førde seier det er svært positivt at det er mange unge som vil utdanne seg til ambulansearbeidar.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Sægrov meiner dei nye krava gjer det endå viktigare at ungdom har lyst å utdanne seg til ambulansearbeidar.

- Det er gledeleg at ungdomar seg på ambulansen som ein spennande framtidig arbeidsplass, seier Sægrov og legg til:

- Dette er viktig for oss i Helse Førde. Det har vist seg at det å rekruttere til yrket gjer ein best gjennom å ta ei slik utdanning gjennom skulen, seier Sægrov.