Hopp til innhold

Vêr i vente: No stengjer vegane

Steinras stenger to vegar og flaum stengjer ein annan. I tillegg vil fleire vegar halde stengt til i morgon grunna rasfare. og fleire vegar vil halde stengt til i morgon grunna rasfare.

Ras mellom Dystad - Svelgen

STENGD VEG: Steinras sperrar fylkesveg 572 er stengd mellom Svelgen og Dyrstad i Bremanger. NVE har sendt ut jord- og skredvarsel.

Foto: Statens Vegvesen

Det er venta mykje vêr det kommande døgnet. Det er venta 50–90 mm på 24 timar og 100–130 mm på dei mest utsette stadane opplyser Meteorologisk institutt.

NVE har tidleg i ettermiddag oppdatert gårsdagens flaumvarsel, til oransje-nivå, på grunn av regnet som er varsla.

Og mange vegstrekningar er allereie stengde grunna vêret:

  • Fylkesveg 422 ved Osen bru, grunna flaum
  • Fylkesveg 572 mellom Svelgen og Dyrstad grunna ras
  • Fylkesveg 602 mellom Vangsnes og Feios grunna ras og rasfare
  • Fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll grunna rasfare
  • Fylkesveg 616 mellom Dombestein og Davik grunna rasfare

Stengde grunna flaum og ras

Klokka 23.30 måndag kveld melder Statens vegvesen at fylkesveg 422 er stengd ved Osen bru, på strekninga Osen bru-Hjelmeland, grunna flaum.

Fylkesveg 572 mellom Svelgen og Dyrstad i Bremanger er stengd etter steinras. Det er sett opp båttransport mellom Dyrstad og Svelgen. Sleppområdet ligg høgt i fjellsida og geolog vil undersøkje rasstaden frå helikopter tysdag, opplyser fylkeskommunen.

Klokka 18 oppplyser vegvesenet at også fylkesveg 602 mellom Vangsnes og Feios er stengt på grunn av steinras og fare for ras.

– Ein stein har kome ned i vegen. Steinen er rundt ein halv kubikk. Vi vil ikkje halde vegen open. Han blir nok ikkje opna i dag, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

Stengde grunna rasfare

På grunn av rasfare, vert fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll stengt ved Heilevang frå klokka 17. Vegen vert stengd til tysdag klokka 09, då ei ny vudering vil bli gjort, melder vegvesenet.

– Slik som det ser ut no kjem det så mykje nedbør at det kan vere fare for at 609 blir stengt i heile morgon, seier Nedberge Hille.

Dei som skal mellom Førde og Askvoll kan køyre om Dale via E39 og fylkesveg 57.

Også fylkesveg 616 er stengd mellom Dombestein og Davik frå klokka 19. Dette er på strekninga Isane-Oldeide. Heller ikkje denne vert opna i dag. Der er det omkøyring via Bortnetunnellen, melder vegtrafikksentralen.

Det er mykje vatn i vegbana mange stader. På generelt grunnlag oppmodar Nedberge Hille folk om å ikkje køyre i kveld eller i natt, dersom dei ikkje må ut på vegane.

(Saka held fram under bilete)

Stengd veg i Svelgen

STENGD FYLKESVEG: Mellom Svelgen og Dyrstad i Bremanger er fylkesveg 572 stengd etter steinras. Vegen blir tidlegast opna i morgon ettermiddag.

Hevar beredskapen

Det er venta store nedbørsmengder i løpet av kommande døgn, der det er venta at vatnet kan trenge inn i bygningar. Det er venta 50–90 mm på 24 timer, 100–130 mm på dei mest utsette stadane opplyser Meteorologisk institutt. Dette gir også kraftselskapa trøbbel.

(Saka held fram under videoen)

Her frå Jølstra i Førde. Forsikringsselskap sender ut obs-varsel til sine kundar i Førde og Nordfjord. Det er meldt ekstremt mykje nedbør det nærmaste døgnet. Her ser ein allereie kor mykje vatn som er i Jølstra.

HØG VASSTAND: I elva Jølstra er vasstanden allereie høg måndag ettermiddag. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke.

Sognekraft er allereie i beredskap og varslar folk om å gjere ein innsats for å unngå store konsekvensar av flaumen. Det fortel Jakob Hornes som er produksjonssjef i Sognekraft.

– Det vi ser no er at det er meldt mellom 50 -70 mm nedbør på Veitastrond det kommande døgnet. Vatnet er allereie over høgste regulerte vasstand vil stige monaleg.

I tillegg vil mildvêret gi nedbør som regn i fjellet. På Sognefjellet er det i løpet av det kommande døgnet venta 3–4 varmegrader, og ei snøgrense på 1600–1800 meters høgde. Meteorologane karakteriserer dette som "eit særsyn for årstida".

Sikre gjenstandar

– Vi ber om at innbyggjarane i nærleiken av Veitastrondvatnet og Hafslovatnet sikrar materiell og utstyr langs vatnet slik at det ikkje kjem på flyt og sperrar lukesystemet.

Lause gjenstandar som sperrar lukene kan skape store problem og drive vatnet på nye vegar. Det kan rett og slett bli propp-danningar.

– Det som kan skje er at gjenstandar sperrar lukene og at det vatnet vi ønskjer å få ut ikkje kjem seg ut. Det kan då bli for mykje vatn både på Veitastrond og på Hafslo, seier Hornes.

Sunnfjord Energi har førebels ikkje auka opp beredskapen eller gjort ekstra tiltak i samband med nedbøren som er varsla.

Flaumstor elv i Førde

FLAUMSTOR: Jølstra i Førde stig. I ettermiddag er det venta at vasstanden vil stige.

Foto: André Nesse