NRK Meny
Normal

Mange utfordrar skjebnen på Skåla

Arrangørane av motbakkeløpet Skåla Opp finn det ikkje tilrådeleg å sende løparane til topps. Fotturistane bryr seg derimot fint lite om kulde, snø og dårleg sikt.

Skålatårnet 11. august 2016

SNØ: Godt opptrakka sti vitnar om stor trafikk på Skåla siste dagane. – Det er ille, slik vêret har vore i det siste, seier Bjørn Vike.

Foto: Christian Prestegård

– Det vi har opplevd no er ille. Det er vind, våt, tung snø og dårleg sikt. Sjølv vi som jobbar i skikkeleg norske fjellklede blir våte og kalde, seier Bjørn Vike.

– Galskap

Snø i skaret på veg mot Skålatårnet.

AVKORTA: Allereie på 800 meters høgde møter fotturistane på snø. Av denne grunn flytta arrangørane av Skåla Opp målgangen til Skålavatnet.

Foto: Christian Prestegård

I går kveld trassa seks arabarar frårådinga om å legge ut på Via Ferrata i Loen. Fem av dei måtte overnatte i fjellveggen etter å ha gått seg fast. Tidlegare i veka trassa to kvinner frårådingar om å gå på Kattanakken. Den eine vart sendt til sjukehus med moderate skader etter å ha falle 15–20 meter.

Og på Skåla måtte arbeidarar på hytteprosjektet ved Skålatårnet i dag hjelpe belgiske turistar ned frå det 1848 meter høge fjellet.

– Det er galskap. Dette er ikkje akkurat det rette turmålet, verken i dag eller i går. Men i går kom det altså 20 personar. Eg fryktar det kjem bra med folk i dag også, seier Vike.

Hyggeleg å hjelpe, men ...

Bjørn Vike på Skåla

KRITISK: Bjørn Vike meiner fotturistar bør tenkje seg om, både ein og to gonger før dei legg ut på fjellturar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vike er vand til å jobbe i fjellet, også på vinterstid. Arbeidarane som siste tida har jobba med å føre opp det nye bygget ved Skålatårnet har sjølv måtte søke ly innandørs. Vêret har hindra arbeidet, men arbeidarane har ikkje vore arbeidsledige.

Siste dagane har dei måtte guide turistar.

– To av sherpaene har vore på Everest og eg har vore ute ei vinternatt før. Det er hyggeleg å hjelpe, men eg tykkjer det er litt rart at så pass mange tek sjansen på å gå så høgt til fjells i slikt vêr, seier han.

Lurt å flytte

Vike meiner arrangørane gjorde lurt då dei flytta målgangen for motbakkeløpet Skåla Opp ned til Skålavatnet. Han seier snøen har fonna seg i stien, slik at det der ligg våt, tung snø i knehøgde.

Han meiner det vil vere galskap om lettkledde skulle sleppe heilt til toppen.

– Vi gjer jobben, men akkurat no stoppar framdrifta litt opp medan vi ventar på betre vêr. Men sherpaene har bygd flott brakke, så vi klarer oss. Vêret styrer vi ikkje, så det er berre å akseptere det, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå