NRK Meny
Normal

Mange usikre kort

Det byrjar å bli tynt i rekkene på Sogndal framfor den første kampen i haustsesongen. Spelarar som Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik, Ulrik Flo, Robin Shroot og Taijo Teniste er usikre med tanke på spel mot Ranheim.

Montasje: Hannu Patruonen, Ulrik Flo og Bjørn Inge Utvik

USIKRE KORT: Hannu Patronen, Ulrik Flo og Bjørn Inge Utvik er blant dei usikre framfor første haustkampen.

Foto: Montasje: NRK og NTB scanpix

Situasjonen gjer trenar Eirik Bakke betenkt.

– Det mange spørsmålstein framfor kampen. I tillegg er det ein månad sidan sist vi har spelt kamp.

Mange skadar

Fredag hadde Bjørn Inge Utvik si første trening etter kneskaden han fekk for to månader sidan. Også Robin Shroot hadde fredag si første trening med ball etter ferien. Hannu Patronen er sjuk, og har ikkje fått trent med laget sidan treningskampen mot Førde tysdag. Ulrik Flo slit med ei tå og har ikkje gått trent på ei veke.

Eirik Bakke

BETENKT: Sogndaltrenar Eirik Bakke.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Styrken vår er at vi har hatt mange å velje mellom. No er både Teniste og Patronen sjuke med forhåpentlegvis er dei friske igjen til kampen måndag. I tillegg er Bjørn Inge skadd, så det er mange usikre moment for kva eg skal gjere måndag. Gjer eg noko så blir kanskje å bruke midtbanespelar Babacar Sarr som midtstoppar

Seks viktige kampar

Sjølv om han har mange usikre for før kampen måndag, meiner Bakke det god å kome i gang igjen.

– Dei som er friske ser pigge ut. Eg trur dei og ser fram til ser fram til å kome i gang igjen med ein kamp måndag, og så har vi seks kampar i august som blir viktige.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen