Hopp til innhold

Trur mange vart operert unødvendig

Mange skulderoperasjonar utført ved Nordfjord sjukehus kan ha vore unødvendige. Det hevdar professor Jens Ivar Brox ved Oslo Universitetssjukehus.

Professor Jens Ivar Brox om skulderoperasjonar ved Nordfjord sjukehus

MANGE SKULDEROPERASJONAR: I 2011 vart det utført tre gonger så mange skulderoperasjonar ved sjukehuset på Nordfjordeid, som ved Oslo Universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Desse tala får professor Jens Ivar Brox til å stusse.

Foto: NRK

Tal viser nemleg at det vart utført nesten dobbelt så mange skulderoperasjonar i Sogn og Fjordane då pasientane fekk tilbod om slike inngrep også på Nordfjord sjukehus. Då ortopediavdelinga i Eid vart lagt ned i 2011 vart talet skulderoperasjonar utført på personar i fylket meir enn halvert.

– Det gir jo mistanke om eit overforbruk grunna særskilde forhold. At ein har hatt nokre tilsette som har vore spesielt interesserte i dette, seier Jens Ivar Brox som er professor ved Oslo Universitetssjukehus til NRK.no.

– Kan mange ha blitt operert utan at det eigentleg var naudsynt med operasjon?

– Det er ein enkel måte å seie det på, svarer Brox.

Noko av årsaka kan ha vore mange utanlandske legar, trur Brox som får støtte frå professor Olav Helge Førde ved Universitetet i Tromsø.

Vedgår at for mange kan ha blitt opererte

Tal frå Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering viser at Helse Førde i tidsrommet 2008 til 2011 utførte om lag 300 skulderoperasjonar i året, og var heilt på landstoppen når det gjeld denne type operasjonar per 1000 innbyggjarar.

Det var i stor grad ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus som gjennomførte operasjonane i Sogn og Fjordane, og etter at avdelinga vart lagt ned i 2011 og Sentralsjukehuset i Førde tok over, vart talet på skulderoperasjonar utført på personar busette i fylket meir enn halvert.

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, vedgår at enkelte som vart opererte kanskje ikkje burde vore opererte.

– Det er jo ei slags stadfesting på det som har vore sagt. At ein kanskje gjorde for mykje av den typen kirurgi i Sogn og Fjordane, og kanskje særleg i Nordfjord i ein periode.

(Artikkelen held fram under)

Hans Johan Breidablik

FOR MYKJE: Hans Johan Breidablik, fagdirektør i Helse Førde, vedgår at det kan ha blitt for mange skulderoperasjonar ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Avviser for mange operasjonar

Kristian Humborstad, tidlegare seksjonsoverlege ved ortopedisk avdeling på Nordfjordeid, avviser at pasientar som ikkje burde vorte opererte vart opererte.

Kristian Humborstad

TEK IKKJE SJØLVKRITIKK: Kristian Humborstad er tidlegare seksjonsoverlege ved ortopedisk avdeling på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Nei, eg har ikkje noko grunn til å ta sjølvkritikk for det. Vi følgde standard utgreiing og behandling av skulderpasientar. Vi gjorde ingenting spesielt på Eid.

– Vi gjorde det vi skulle. Vi tok injeksjonsbehandling, vi tok trening hos fysioterapeut og så opererte vi dei som ikkje vart bra.

– Det var mykje strid rundt nedlegginga av den ortopediske avdelinga på Nordfjordeid. Kan det vere at så mange vart opererte som ein del av sjukehuskampen?

– Nei. Ein må halde seg til vanlege moralske og etiske normer for legegjerninga. Vi driv ikkje og opererer for å få opp volumet. Det er heilt uaktuelt, seier Humborstad.

Tre gonger så mange

I 2011 vart det gjennomført fire gonger så mange skulderoperasjonar per fastbuande innbyggjar i fylket som til dømes i Stavanger.

Samanlikna med Oslo Universitetssjukehus og Haukeland i Bergen, vart det utført tre gonger så mange skulderoperasjonar i Nordfjord.

– Vi hadde jo bygt opp eit miljø over mange år på kikholskirurgi der skulder var ein viktig del av tilbodet ved avdelinga på Nordfjordeid, seier den tidlegare seksjonsoverlegen.

Trur mange utanlandske legar kan ha spelt inn

Olav Helge Førde

PROFESSOR: Olav Helge Førde er professor ved Universitetet i Tromsø, og for Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering.

Foto: Helse Nord

Olav Helge Førde er lege og professor ved forskingsgruppa for helsetenesteforsking ved Universitetet i Tromsø og Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering.

Han meiner det er naivt å tru at det er berre kor sjuk ein er som styrer forbruket av helsetenester.

Det at det var så mange utlendingar ved ortopedisk avdeling i Nordfjord kan til dømes ha spelt inn, meiner han.

Den ortopediske avdelinga i Nordfjord vart i stor grad bemanna med utanlandske legar som hadde såkalla nordsjøturnus. Av seks ortopedar på avdelinga, var berre to busette på Nordfjordeid. To svenskar gjekk i 25 prosent stilling og var i Eid berre ei veke i månaden.

Ein svenske og ein danske gjekk i 50 prosent stilling, og var 14 dagar i månaden på Nordfjordeid.

– Det kan vere ei forklaring at dei ikkje var tilpassa den vanlege måten å handtere skulderproblem på, og at ein gjekk veldig raskt til kirurgi som behandlingsform, seier Førde.

– Uetisk

Humborstad avviser at dei svenske og danske ortopedane følgde andre retningslinjer enn dei norske.

– Den tid vi var eit aktivt kollegium der, var alle godt skulerte, og alle var med i norsk og svensk skulderforeining. Dei følgde dei retningslinjene som var gitt for skulderkirurgi.

Førde meiner det er viktig å sjå på operasjonsfrekvensen med eit etisk blikk.

– Det er uetisk å utsetje folk for operasjonar som ikkje har noko effekt.

– Utsette for ein viss risiko

Brox ved Oslo universitetssjukehus meiner opp mot 70 prosent av skulderoperasjonane kan ha vore unødvendige, og seier operasjonar ofte medfører fleire ulemper.

– Ein utset ikkje pasientane for stor risiko, men det er alltid ein viss risiko ved operasjon. Det andre er at det er meir kostbart enn å ikkje operere.

– Det er ingen som har vist at dette har hatt ein god effekt for å få folk tilbake i arbeid, seier professoren.

Tala NRK har henta inn baserer seg på pasientar busette i Sogn og Fjordane, gjestepasientar frå andre helseføretak som er opererte ved sjukehusa i fylket er ikkje med i talgrunnlaget.