Hopp til innhold

Fleire 20-åringar enn 50-åringar sparar til pensjonen sin

Fleire 20-åringar enn 50-åringar har starta pensjonssparing i Sogn og Fjordane det siste året. Det syner tal frå DNB. Dette er også tilfelle nasjonalt.

Pensjon

KORLEIS BLIR PENSJONEN? Fram til 2011 blei pensjonen rekna ut frå dei 20 åra du tente mest pengar. Så fekk du snittet av denne summen i pensjon. No blir pensjonen rekna frå snittet av alle åra du har vore i jobb.

Foto: Eirik Kleiven/NRK

25 prosent av dei som oppretta pensjonssparing i DNB i Sogn og Fjordane er i 20-åra. Til samanlikning er det 15 prosent av 50-åringane som gjorde det same. Odd Kåre Nøstdal i DNB meiner fleire unge har forstått at endringane i pensjonsreforma kjem til å råke dei.

– Dei som er i 50-åra har fått inn med morsmjølka at vi har gode pensjonsordningar. Dei som er rundt 20 har kanskje blitt påverka av media dei siste fire-fem år at folketrygda ikkje er så god som den var tidlegare. Kanskje er dei difor meir bevisste medan 50-åringane trur at alt er som det var før. Men det er ikkje det, seier han.

Nye reglar råkar mange

For ikkje alt er som det var før. Fram til 2011 blei pensjonen rekna ut frå dei 20 åra du tente mest pengar. Så fekk du snittet av denne summen i pensjon. No blir pensjonen rekna frå snittet av alle åra du har vore i jobb. Maksgrensa for kor mykje du kan få i pensjon, har også blitt redusert.

– Det er ei dramatisk endring i folketrygda i forhold til tidlegare, seier Nøstdal.

Alle fødd etter 1953 får no mindre i pensjon. Dei yngste kjem til å merke det mest. Men tenkjer dei unge på slikt? Ei av dei NRK har snakka med på gata har pensjonsparing gjennom jobben fordi ho er kommunalt tilsett.

– Hadde eg ikkje vore det, hadde eg starta privat sparing. Det kjem brått ein dag der ein treng desse pengane, seier ho.

Meiner alle treng tillegg til folketrygda

Odd Kåre Nøstdal i DNB meiner ordningane folk har på jobb ikkje alltid er gode nok som tillegg til alderspensjonen frå folketrygda.

– Det spørst kva ordning du har, men du treng uansett alltid noko i tillegg til det som kjem frå det offentlege.

Bankane går hardt ut og reklamere for pensjonssparing, men er det ikkje litt drygt å spare til livet som pensjonist som 20-åring?

– Jo, det kan eg vere einig i. Men om du sparar 300–500 kroner kva månad, merkar du ikkje så mykje til det. Dette blir det mykje pengar av til du blir pensjonist. Ein 50-åring i dag må spare mykje meir, seier han.

Sjekk pensjonen din

Dersom du lurer på kva du kan vente deg når du ein dag sluttar å jobbe, kan du logge deg inn på Din pensjon på nav.no. Stine Klepp Tryggestad i NAV seier at her får du oversikt over eigne pensjonstal.

– Du kan berekne alderspensjon og du får også vite rettar knytt til tenestepensjon. Det er enkelt å få vite kor mykje du vil få via denne sida. Her kjem inntektsopplysningane rett frå skatteetaten, så der skal alt liggje, seier ho.

Trur vi må klare oss med mindre

20-åringane har allereie byrja å spare, men nokre meiner denne generasjonen må finne seg i å klare seg med litt mindre pengar.

– På eit tidspunkt må vi snu både lønsvekst og forbruk. Vi i Norge lever flott og godt, men i resten av verda er det jo ein realitet at dei har mykje mindre å rutte med enn vi om 20–30 år, seier Odd Kåre Nøstdal.

Nordea og Sparebanken Sogn og Fjordane har òg merka seg at det er fleire yngre enn før som opprettar pensjonsparing, men syner ikkje til konkret statistikk.