Hopp til innhold

Ein fjerdedel av ulukkene skjer i denne svingen

Ein fjerdedel av ulukkene i Jølster kommune dei siste fire åra har skjedd i den sokalla «skulesvingen» på E39. Det er svært mykje, seier brannsjef Tor Arild Segtnan.

Ulukke jølster

FØRRE ONSDAG: Denne varebilen var involvert i ulukka førre onsdag, og føraren av bilen vart alvorleg skadd.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ja, det er det. Dette ein strekning på 20 meter, og vi har ganske mykje veg i kommunen. Det er vel ingen stader der det er så tydeleg overrepresentasjon, seier Segtnan

Brannsjefen har undersøkt ulukkene i kommunen som har vore så store at dei har ført til full utrykking. I perioden 1.1.2010 til 31.12.2013 var det åtte slike hendingar på den svært korte strekninga.

– Dei har vore av så stort omfang at det enten har vore personskade eller at bilane har vorte øydelagde med lekkasje av olje eller liknande. For vår del utgjer det rundt ein fjerdedel av ulukkene i kommunen, seier Segtnan.

Uroa over nok ei ulukke

Førre onsdag skjedde det igjen, då ein varebil og ein lastebil kolliderte i den sokalla skulesvingen på E39 mellom Eikås og Vassenden. Ein mann vart alvorleg skadd.

Knut Skurtveit

LENSMANN: Knut Skurtveit.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Vi har avhøyrt vitne. Men nokre sentrale vitne er ikkje avhøyrt, og vi har ikkje fått rapporten frå undersøkingane av åstaden. Så det er for tidleg å seie årsaka til ulukka, seier lensmann i Jølster kommune, Knut Skurtveit.

Politiet har vore i kontakt med og prata med føraren av varebilen, som framleis er innlagt på Haukeland sjukehus.

Brannsjef Tor Arild Segtnan er uroa over nok ei ulukke på strekninga.

– Når det er så mykje uhell på eit enkelt punkt mein er eg det tyder på at det er noko feil med vegutforminga, seier Segtnan.

– Må endre på svingen

– Eg meiner at svingen bør få ein annan kurvatur, slik at han vert lettare, seier Segtnan.

Han meiner at uhella er atypiske, fordi ein reknar med at utforkøyringar som regel skjer når bilar sklir rett fram over vegen. Slik er det ikkje i skulesvingen.

Det litle stykket er så overrepresentert at sjølv om skiltet har fungert godt, er eg stygt redd det vil skje ei alvorleg ulukke der i framtida også.

Tor Arild Segtnan

– Alle eg kjem på, har gått i grøfta på si side. Det er tydeleg at dei ikkje har klart å rett opp tidsnok, og avsluttar svingen for seint. Vegen rettar seg opp, men det gjer ikkje bilen, og då går du i grøfta.

I tillegg, fortel han, er det nokre ulukker der ein bil har fått sleng på hengaren, og dermed har treft møtande trafikk.

– Er vegen då god nok?

– Det får nesten vegstyresmaktene svare på. Men eg tykkjer det er overraskande at eit enkelt punkt har så mange hendingar. Det liker eg ikkje.

Har gjort tiltak

Statens vegvesen likar det heller ikkje. Difor er strekningen eit prioritert ulukkespunkt, seier seksjonssjef i vegvesenet, Vigdis Lobenz.

– Vi har sett ned farten til 70 km/t, anbefalt fart på 50 km/t i kurven, og sett opp bakgrunnsmarkering. I tillegg har det nettopp kome opp nytt rekkverk, som antakelegvis forhindra at hendinga førre onsdag vart ei større ulukke.

Dette er sokalla strakstiltak. Lobenz fortel at dei vil vurdere fleire tiltak når resultatet av politietterforskinga er klart. Skal derimot vegen og kurva på svingen derimot byggjast heilt om, må den inn på nasjonal transportplan, seier Lobenz.

– Strekningane Sande-Økslandsvatnet og Bjørset-Skei er prioritert denne perioden. Denne kurven kan kanskje kome med neste periode, men er ikkje prioritert denne perioden.

– Så ei total ombygging er avhengig av midlar frå stortingspolitikarane?

– Ja.

Store mørketal

Alle hendingar i svingen skjedde fram til desember 2012. Så var det heilt stille i 2013 og 2014, fram til førre onsdag. Tiltaka frå vegvesenet har hjelpt, seier brannsjef Segtnan.

– Vi tenkjer at skiltet som har kome opp med anbefalt hastigheit må ha endra køyreatferden til folk, for antal alvorlege uhell har gått ned mykje, og det er positivt.

– Men så kom ulukka førre onsdag, der ein mann vart alvorleg skadd. Bør det gjerast meir?

– Ja, eg trur det. Det litle stykket er så overrepresentert at sjølv om skiltet har fungert godt, er eg stygt redd det vil skje ei alvorleg ulukke der i framtida også, seier brannsjefen.

For mørketala er store.

– Det er veldig mange utforkøyringar i denne svingen der det berre blir litt små plastikkskadar på bilane, og dei får hjelp til å verte taua opp. Då blir det ikkje registrert i statistikken. Kvar gong snøen kjem ser ein jamleg nye spor etter utforkøyringar i den svingen. Eg trur dei fleste som køyrer forbi der på vinterstid har sett spor og tenkt "jøss, her har det vore ei utforkøyring igjen", seier Segtnan.