Hopp til innhold

Mange tunnelar vil stå utan radiodekning

Fleire tunnelar i Sogn og Fjordane fyller ikkje dei krava som må til for å få DAB-dekning.

DAB-radio

SLØKKJAST: Om ikkje lengje sløkkjast FM-nettet, og digitalradioen tek over.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Alle som skal ha DAB-dekning, får det før FM-nettet vert sløkt, seier avdelingsdirektør, Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Statens vegvesen er ansvarlege for at tunnelane i Sogn og Fjordane er utstyrt med radioantenner, slik at ein kan høyre på radio også der.

FM-nettet vert sløkt 21. juni neste år. I mange tunnelar i fylket vil du då ikkje få inn radio.

– Dei fleste tunnelar i Sogn og Fjordane lever ikkje opp til trafikkravet, så nokre vil ikkje ha dekning, sjølv om ein har oppdatert spelaren sin, seier Finden.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

OPTIMISTISK: Avdelingsdirektør Finden trur bilistar får ei tryggare og betre oppleving med digitalradioen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sikkerheit er i sentrum

Når DAB-nettet blir bygd ut, er det ikkje berre for underhaldning og musikk. Særleg i krisetilfelle kan radio vere naudsynt.

– Når ein vil nå ut til folk med beskjedar eller informasjon om hendingar, så er radioen eit effektivt verkemiddel, seier Håvard Stensvand, beredskapssjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Eit typisk døme er tunnelbrannar, seier Stensvand. Då kan folk bli forvirra over kva som skjer, om dei skal evakuere, i kva retning og liknande, seier han.

Når ein tunnel får digitalradioantenner, vert det også installert naudnett, som er eit nytt digitalt samband for politi, brannvesen og helsetenester. Det er likevel over radioen dei sivile får informasjonen.

Håvard Stensvand

SIKKERHEIT I SENTRUM: Stensvand peiker på viktige roller radioen spelar i krisesituasjonar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fyller ikkje krava for å få digital radio

Men trass i at 99,7 % av alle husstandar i Noreg vil få DAB-dekning, vil mange tunnelar i tunnelfylkjet Sogn og Fjordane stå utan.

– Mange tunnelar har ikkje høg nok trafikk til å nå krava for å få DAB-dekning, seier Finden.

Det er nemleg fleire kriterium som må fyllast for at ein ny tunnel skal få digitalradiodekning.

  • Tunnelen må vere over 500 meter lang.
  • Det må passere i gjennomsnitt 4 000 køyretøy dagleg.

I tillegg vil alle tunnelar som i dag har FM-dekning, ha krav om naudnett og DAB.

Laster innhold, vennligst vent..

Sjekk dekninga sjølv

På lenkja under kan du sjølv sjå eit dekningskart over heile landet, og sjå kva tunnelar som har og ikkje har dekning for digitalradio.

Dekningskart på radio.no.

DAB-dekning i Sogn og Fjordane

DEKNINGSKART: Du kan sjølv sjå korleis dekninga er der du bur på dekningskartet i lenkja under.

Foto: Illustrasjon