– Det er mykje snakk om kva sertifikat kostar, og kor mykje tid det tek. Det er veldig dumt om det blir meir tungvint, seier Thea Årsheim.
Årsheim bur i Nordfjord, eit område som kan misse trafikkstasjonen.
I fjor starta regjeringa jobben med å effektivisere og omorganisere trafikkontora. Ein konsulentrapport har blitt halden hemmeleg av Samferdsledepartementet, men er no offentleg.
Kan bli nedleggingar over heile landet
NRK har gått gjennom rapporten frå Capgemini Consulting, forslaget er å legge ned 26 av dei 75 trafikkstasjonane i Noreg.
I tillegg kan 22 trafikkstasjonar verte dimensjonert ned til sørviskontor, eller oppmøtestadar for oppkøyring. (Sjå lista over alle stasjonane nedst).
– Behova endrar seg. Mange tenester kan gjennomførast utan oppmøte, seier statssekretær i Samferdsledepartementet, Tommy Skjervold (Frp).
Fryktar lengre reiseveg
Thea Årsheim er frå Stadlandet, men går på skule på Nordfjordeid.
Om trafikkstasjonen vert nedlagt kan det for mange i området bli mellom to og tre timar reiseveg for å ta teoriprøve, eller køyre opp.
– Det blir mykje meir tiltak enn det alt er. Ein treng å ha det så enkelt som råd, seier Thea Årsheim.
Vil spare pengar ved å kutte
Konsulentrapporten viser ei årleg innsparing på minst 360 millionar kroner i året.
– Vi er opptekne av å effektiv drift av offentleg sektor, og då også Statens vegvesen, seier Skjervold
I løpet av mai skal Vegvesenet ha klar si tilråding til departementet.
– Vi har bedt om at dei tek utgangspunkt i rapporten, og kome med deira eigne vurderingar, seier Skjervold (Frp).
Skjervold seier regjeringa ikkje vil gjere det tyngre å ta førarprøva.
– Vi har lagt inn eit punkt om kompenserande tiltak.
Kva slags tiltak?
– Det kan vere mykje forskjellig. At private aktørar gjennomfører tenesta, andre måtar å organisere det på.
Fryktar ungdomane får rekninga
Trafikklærar John Ingvald Myklebust i Nordfjord Trafikk er bekymra.
– Om elevane skal reise langt for å ta teorien, ta fri frå skulen, ha nokon til å køyre seg, det blir mange som må involvere seg, og det blir meir tungvint for elevane.
Myklebust fryktar at staten skal spare pengar, medan ungdomen sit att med rekninga.
Konsulentrapporten reknar ei årleg innsparing på 1 million kroner ved å legge ned den lokale trafikkstasjonen. I 2017 hadde den 9000 førespurnader i skranken.
– Innsparinga er for liten for staten til at dette kan forsvarast, kostnadane blir velta over på ungdomane, seier Myklebust.
I fylgje trafikkskulen kan eit sertifikat fort koste mellom 22 000 og 25 000 kroner.
– Vi har bruk for lappen, om ikkje må ein stole på foreldre som vil køyre, seier Thea Årsheim.