NRK Meny
Normal

Politiet sitt store spørsmål: Kva skjedde med Veronica etter laurdag 25. oktober?

SOGNDAL (NRK.no): Ei rekkje personar har vore inne til avhøyr etter forsvinninga til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) i Sogndal. Politiet vil ha svar på kva som skjedde med den sakna etter laurdag føremiddag 25. oktober.

Veronica Stegegjerdet og huset

SIST SETT HER: Veronica Heggheim Stegegjerdet blei sist sett i området ved heimen sin i Årøy på dagtid laurdag 25. oktober.

Foto: privat / Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har hatt mange til avhøyr. Alle som har tips som vi føler er interessante når det gjeld den staden og det tidspunktet kvinna blei sist blei sett blir kalla inn til avhøyr. Dette for å kartleggje området best mogleg, seier regionlensmann Asle Karoliussen til NRK.

– Er det nokon som har status som noko anna enn vitne i saka?

– Nei, dei som har vore inne har status som vitne, og vi er ikkje der på nokon måte.

Dannar seg eit bilete

Kvinna blei observert i Sogndal sentrum fredag 24. oktober, og blei sist sett heime i huset i Årøy føremiddagen laurdag 25. oktober.

– Vi har ei viss kartlegging av det og har danna oss eit bilete på reisemønster og kontakt i den samanhengen. Det har vi jobba med denne veka, og vi vil halde fram med å jobbe med den biten ut frå informasjonen vi får inn. Alt vi får inn på tipsnummeret blir vurdert og sett inn i eit system, seier regionlensmannen.

På lensmannskontoret i Sogndal er det hektisk aktivitet. Ekspertar både på taktisk og teknisk etterforsking er henta inn frå andre politiregionar i fylket, samstundes som det blir planlagt ein omfattande leiteaksjon laurdag.

  • Har du tips til politiet? Ring 57758800

Vil ha utvida bistand

Lensmannen har også bede om hjelp til å analysere det etterforskingsmaterialet ein får inn.

– Det er sendt anmodning om bistand, og vi ventar svar på om vi kan få bistand til analyse. Den kompetansen treng vi, så får vi håpe at vi kan få den bistanden vi har bede om.

Politiet i Sogn ønskjer framleis å få tips om folk og ein varebil som blei observert søndag 26. oktober, berre eit par hundre meter frå huset der Veronica Heggheim Stegegjerdet budde i Årøy.

Søkjer i Barsnesfjorden

SØKER I FJORDEN: Torsdag blei det søkt med miniubåt i Barsnesfjorden mellom Årøy, Barsnes og Sogndalsfjøra.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Vil ha tips om mørk bil

– Det var eit vitne som var på veg frå Sogndal til Hafslo. I busskuret ved Årøy sat to menn, og dei hadde med seg ein del ting. Ved sida av busskuret, på ei avkøyrsle, stod det ein mørk, større bil. På utsida av bilen stod det ein person, og det er oppfatta slik at den personen snakka med føraren av denne bilen, opplyser Karoliussen.

Kva som kan ha skjedd med den sakna kvinna er eit mysterium. Blant folk som kjenner Veronica er det mykje uro og uvisse, og alle NRK har snakka med oppmodar dei som måtte sitje på opplysningar om å kontakte politiet.

Brei etterforsking

Regionlensmann Asle Karoliussen slår fast at dei etterforskar saka breitt og framleis held alle moglegheiter opne.

– Vi har søkt informasjon i ein brei skala, og vi vil jobbe slik til vi ser om det eventuelt er naudsynt å gå i ein bestemt retning. Vi er ikkje der enda, men vi jobbar for å klarere den informasjonen vi får henta ut. Vi vil ha klarheit i kva som har skjedd, slår han klart fast.

Politiet trappar no opp søket og set inn mini-ubåt for å leite etter den sakna 22-åringen, Veronica Heggheim Stegegjerdet. Ho forsvann sporlaust frå heimen sin i Sogndal for snart to veker sidan.