Hopp til innhold

«Mange kjenner seg pressa til å oppsøkje røtene sine»

Fleire adopterte føler at omverda har forventningar til at dei skal dra tilbake for å finne røtene sine. Likevel vel berre mellom ti og 20 prosent å gjere det.

Tilbake i India

KJEKT: Sandhya Karlsen Holene i prat med Iris S. Wilkinson, som jobba på barneheimen der Sandhya budde før ho vart adoptert.

Foto: Frank Holene

Adopsjonar frå utlandet tok til på 1970-talet, og i dag er det om lag 19.000 adopterte born og unge i Norge.

Professor Monica Dalen ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo har forska på utanlandsk adopterte born som har komme til Norge.

Ho peikar på at det er høgst individuelt om adopterte har glede av og lyst til å dra tilbake til landet dei vart adopterte frå.

– Dersom dei unge er opptekne av landet sitt, så betyr det mykje for dei å dra tilbake. Men ein del av dei eg har intervjua, har fortalt at dei føler seg pressa til å dra. Det bør vere opp til den einskilde unge sjølv, seier Dahlen.

Er høgst individuelt

Ho peikar på at mange både vert både 30 og 40 år før dei kjenner nokon som helst trong til å oppsøkje landet dei ein gong budde i. Sjølv har ho fleire gonger intervjua adopterte som meir eller mindre føler det er eit press frå andre om å dra tilbake for å sjå kvar dei kjem frå.

– Mange av dei seier at det er i Norge dei høyrer til, det er her dei har slekt og vener, og det som var, er dei ikkje så interesserte i. Det må vi respektere, seier Dahlen.

Ho understrekar at det ikkje finst fasitsvar på kva ein bør.

Monica Dahlen

INGEN FASIT: Professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, Monica Dahlen, understrekar at det ikkje er noko fasitsvar på spørsmålet om ein bør dra tilbake for å finne røtene sine.

Foto: UiO

– Det er akkurat som folk som er fødde i Norge. Det er ikkje alle dei som er interesserte i å drive med slektsforsking heller, seier Dahlen.

Dagleg leiar i Adopsjonsforum, Øystein Gudim, stadfestar at mange som er adopterte, syslar med tanken om å reise tilbake til det som ein gong var heimlandet sitt. Men det er eit stykke frå å tenkje tanken til å faktisk gjere det.

– Spesielt i ungdomstida er det nok mange som tenkjer på det. Men når det kjem til stykket, er det nok ikkje så mange som gjer det likevel, seier Gudim.

Ti til 20 prosent reiser

Adopsjonsforum er den største adopsjonsorganisasjonen i Norge, medan Verdens Barn (tidlegare Norsk Koreaforening) er Norges eldste. I tillegg finst det ein tredje adopsjonsorganisasjon i Norge, InorAdopt.

Også teamleiar for adopsjon i Verdens Barn, Helge Solberg, er klar på at det er langt mellom dei som oppsøkjer heimlandet.

– Det store fleirtalet reiser ikkje tilbake. Eg vil seie at ti, kanskje opp mot 20 prosent tek turen i løpet av livet, seier Solberg.

Mange adopterte fortel at dei stadig får spørsmål om det, og det seier litt om korleis folk tenkjer. For nokon er det rett å reise, for andre ikkje.

Helge Solberg, Verdens Barn

Han peikar på at ein, spesielt gjennom media, kan få inntrykk av at «alle» adopterte dreg tilbake, men slik er det ikkje.

– Mange adopterte fortel at dei stadig får spørsmål om det, og det seier litt om korleis folk tenkjer. For nokon er det rett å reise, for andre ikkje. Slik er det berre, seier Solberg.

Kjem aldri til å angre

Sandhya Karlsen Holene frå Hafslo har nett vore tilbake i India, landet ho vart adoptert frå for 28 år sidan. Ho er svært glad for at ho tok den store reisa, og er ikkje i tvil om kva råd ho vil gje til andre som lurer.

– Det er berre å reise. Dei kjem aldri til å angre. Det blir ein tur som du har med deg resten av livet, seier Holene.

For henne betydde det absolutt med å få møte familien som dreiv barneheimen som ho budde på som liten.

– Eg er glad for at vi har fått oppretta kontakt, den kjem vi til å halde, seier Holene.

Men ho var i stuss på om det var rett av henne å reise.

– Eg var litt usikker. Burde eg halde meg heime og leve vidare utan å vite? Men etter at eg har vore der nede, så angrar eg ikkje i det heile, seier Holene.

Kan risikere å finne ingenting

Når Adopsjonsforum vert kontakta av unge som vurderer å dra tilbake til landet dei vart adopterte frå for å finne røtene sine, er Gudim klar på kva som kan vente dei.

– Eg pleier å seie at det er tre moglegheiter. Anten finn du familien og det vert tårer og glede, men kanskje ikkje akkurat det du venta. Eller så finn du ein av foreldra, men dei ønskjer ikkje kontakt med deg, av fleire årsaker. Eller så finn du ingenting, seier Gudim.

Ein del av dei eg har intervjua, har fortalt at dei føler seg pressa til å dra. Det bør vere opp til den einskilde unge sjølv,.

Monica Dalen, professor UiO

Han peikar på at for mange er det nok å dra tilbake til heimlandet for å sjå landet ein kjem frå.

– Vi organiserer mellom anna tilbakereiser der ein kan verte kjend med landet ein kjem frå. Dette er ofte familieturar der foreldra er med, seier Gudim.

Stadig færre vert adopterte til Norge

I 2012 vart det gjennomført 457 adopsjonar, noko som er sju prosent færre enn året før. Av dette var 231 utanlandsadopsjonar, 180 stebornadopsjonar og 46 andre adopsjonar.

Talet på utanlandsadopsjonar gjekk ned med 22 prosent, medan talet på stebarnsadopsjonar auka med 22 prosent.

– Dei siste fem åra har vi i Adopsjonsforum hatt eit snitt på om lag 120 born i året, men det har gått stadig nedover, seier Gudim.

Øystein Gudim

IKKJE ÅLEINE: Dagleg leiar i Adopsjonsforum, Øystein Gudim, er klar på at uansett om ein dreg tilbake berre for å sjå landet eller for å finne røtene sine, så bør ein dra i lag med nokon.

Foto: Gunn Kvalsvik

Det er fleire årsaker til at talet på adopterte born frå utlandet går nedover. Kina var i mange år det klart mest populære landet å adoptere frå, både grunna kort ventetid, men også fordi dei tillèt einslege adoptivforeldre.

– Men dette har endra seg. I Kina har det vorte enorme ventetider, og dei slit framleis med å få orden i køen frå 2006. Samtidig er det fleire born som vert adopterte i eigne land, seier Gudim.

Men Kina er framleis eitt av dei landa det vert adoptert flest born frå.

Over sju års ventetid i Kina

I 2012 kom 22 prosent av dei 231 utanlandsadopterte frå Kina. 17 prosent kom frå Colombia og 13 prosent frå Sør-Korea.

Frå 2000 og fram til og med 2010 vart det kvart år adoptert flest born frå Kina. I 2011 kom det flest born frå Colombia, medan det igjen var flest frå Kina i 2012, syner tal frå SSB.

Spesielt i ungdomstida er det nok mange som tenkjer på det. Men når det kjem til stykket, er det nok ikkje så mange som gjer det likevel.

Øystein Gudim, Adopsjonsforum

– Historisk er Colombia det viktigaste landet for oss, men Kina, Filippinane, Etiopia, Kina og Chile vidare på lista, seier Gudim.

I snitt tek det fire-fem år frå ein startar adopsjonsprosessen, til ein får barnet heim.

– Men det er store individuelle skilnadar frå land til land. I Kina er det over sju års ventetid, medan det i Chile kan halde med vel eitt år, så her må ein sjekke frå land til land, seier Gudim.