Hopp til innhold

Mange svarar ikkje på naudoppkallingar

Ni kommunar i Sogn og Fjordane har ikkje gode nok rutinar, og svarer for sjeldan på oppkallingar frå AMK. Det kjem fram i eit tilsyn gjennomført av fylkesmannen.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

IKKJE GODT NOK: Fylkeslege Per Stensland meiner rutinane til kommunane er for dårlege.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkeslegen rettar ein peikefinger mot det han ser som uhaldbart i naudkommunikasjonen mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane.

– Vi ser at ein del kommunar ikkje alltid sørgjer for å vere tilgjengelege for tilkalling av øyeblikkeleg hjelp, slik dei skal vere, seier han.

Står om sekund

Seks kommunar oppgir i eit tilsyn at dei ikkje alltid svarer på oppkall frå AMK. Tre av dei som rapporter at dei alltid svarer, gjer det faktisk ikkje.

At så mange kommunar ikkje svarer på samband er alvorleg, meiner fylkeslegen.

– Det har den konsekvensen at beskjedane brukar lenger tid på å kome fram, seier han.

I situasjonar der det er bruk for straks hjelp, tek AMK kontakt med vaktlege, som er forventa å vere tilgjengeleg på helseradioen. Når dei ikkje får respons der, er dei nøydde å tilkalle på alternativt vis, til dømes på mobil og eller fasttelefon. Desse må søkjast opp og imens går tida.

Oppmodar til skjerping

– I ein del tilfelle er det snakk om viktige sekund og minutt. Slik kan det ikkje vere, seier Stensland.

Fylkesmannen jobbar no med å få kommunane til å skjerpe seg.

– Det er ein alvorleg feil og kommunane må få på plass rutinar som gjer at dette kjem i orden, seier Stensland.