NRK Meny
Normal

Mange stengde vegar

Fleire vegar er i morgontimane i dag stengde på grunn av ras eller fare for ras.

Ras Riksveg 5

STENGD: Politiet er på staden. Vegen er stengd til tysdag morgon grunna frykt for at nye store steinar skal kome ned

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ved 22:30-tida i går kveld gjekk det ras på riksveg fem mellom Førde og Florø. Fleire store steinar har kome ned i vegen. Raset har gått like aust for Sundefjellstunnellen, kring 15 kilometer aust for Florø.

– Det er i same området, men ikkje same stad som der det har gått fleire ras tidlegare i haust, seier Olaug Holme ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

– Raset sperrar halve køyrebana og har gått kring 100 – 200 meter aust for Sundefjellstunnelen. Vi ventar no på at ein geolog skal kome til staden.

Hjå Vegtrafikksentralen i Lærdal seier Roger Nedberge Hille at så fort det blir lyst av dag blir det gjort ei vurdering av når vegen kan opnast.

Det er ikkje omkøyringsmoglegheiter for folk som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen. Folk som skal mellom Førde og Svelgen er ikkje råka av stenginga

Statens vegvesen opplyser at det og ei stund blei vurdert å stenge fylkesveg 610 mellom Eldalsosen og Sande på grunn av mykje vatn i vegbana, men at vegen der framleis er open.

Totalt var seks vegar stengde på grunn av vêret. I tillegg til riksveg fem mellom Førde og Florø er desse vegane stengde:

  • Fylkesveg 422 ved Osen bru, grunna flaum
  • Fylkesveg 572 mellom Svelgen og Dyrstad grunna ras
  • Fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll grunna rasfare
  • Fylkesveg 616 mellom Dombestein og Davik grunna rasfare
  • Fylkesveg 610 i Viksdalen grunna mykje vatn i vegbana.

Også fylkesveg 602 mellom Vangsnes og Feios var stengd grunna ras og rasfare. Denne vegen er no opna.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen